(Faksimile VTB 24. oktober 2017)
(Faksimile VTB 24. oktober 2017)

Stør plassering av bom på Stodi

Aller helst ser Seljord kommune at utbetringa av riksveg 36, Bø–Seljord, blir dekt fullt ut av statlege midlar. Men må ein ty til bomstasjon, håpar kommunen på ein lågast mogleg bompengemodell plassert på parsellen Stodi på Manheimstrondi.

– Innkrevjing av bompengar vil verke avvisande på trafikantane og føre til redusert trafikk på strekninga og kan føre til at noko av trafikken vil flytte over til fylkesveg 156, meiner sakshandsamar Frid Berge mellom anna som ein konsekvens av bompengeinnføring på riksvegen mellom Seljord og Bø.

I desember skal fylkestinget ta stilling til bompengefinansieringa. Før det skal Seljord kommune kome med sitt innspel i saka. Bø, Sauherad og Nome har også fått høve til å kome med høyringsuttaler, og ifylgje Statens vegvesen må det vere likelydande vedtak i dei fire kommunane og i fylkestinget i Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Plassering

Formannskapet i Seljord vedtok i slutten av oktober å vere tydlege på at kommunen primært ikkje ynskjer at ein bomstatsjon blir etablert på vegstrekket, men at utbetringa av riksveg 36 mellom Seljord og Bø blir statleg finansiert, slik også fylkesrådmannen i Telemark meiner.

Om det ikkje er mogleg å gjennomføre vegutbetringa utan bompengar, innanfor framdrifta som er lagt, støttar kommunen finansiering med bompengar slik Statens vegvesen har kome med forslag om.

Riksveg 36 langs Seljordvatnet hadde i tida frå 2005 til 2015 ti ulykker med personskadar, der ein blei drepen og ein alvorleg skadd. Vegstrekket er prega av krappe svingar og delsvis mykje stigning. Fartsgrensa er for det meste 80 kilometer, og årsdøgntrafikk i snitt i 2016 var 2450 bilar, der tungbilar utgjorde 15 prosent.

– Utbetringa vil gje betre veg for både lette og tunge køyretøy, skriv sakshandsamaren.

På Manheimstrondi

Må ein gå for bomstasjon meinmeiner Seljord kommune at den bør bli plassert på Stodi, flata ved Vesleøy på Manheimstrondi like før tunellen.

Det har vore snakk om to alternative plasseringar av bomstasjonen, der den eine er i Seljord kommune og den andre på Bø-sida like ved kommunegrensa til Seljord.Då VTB skreiv om bom-saka i oktober uttala Vegvesenet dette om plassering:

– Normalt sett blir ein bomstasjon sett på kommunegrensa. I dette tilfellet vil ikkje det bli aktuelt, sidan me forstår det vil ramme ei grend. Sjølv om det aldri vil bli ein ideell stad for ein bom, vil me lytte til dei som bur i nærleiken og gjere det mest mogleg rettferdig, sa avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Tore Kaurin.

I høyringsuttala stør Seljord kommune vidare ei 15 års bominnkrevjing på etterskot, i begge retningar, i ein automatisk bomstasjon. Kommunen meiner vidare at gjennomsnittlege bomtakstar blir sett inntil 29,92 kroner, med trippel takst på 93 kroner for takstgruppe to. Takstane skal bli regulert i takt med prisstiginga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bør vere rabatt

Vidare meiner kommunen at ordninga med bompengar er basera på eit rabattsystem der alle trafikkantar i takstgruppe ein med gyldig elektronisk brikke får 20 prosent rabatt, og ein betalar bare for 40 passeringar per kalendarmånad ved bruk av brikke.

Seljord kommune krev også at Statens vegvesen skal gjere ei vurdering av trafikksituasjonen på avlasta vegnett, både av omsyn til miljø og trafikktryggleik, etter at innkrevjing av bompengar er starta. Ved uønska auke i trafikken, skal det i fyrste omgang bli vurdert tiltak som seinkar farten som til dømes skilt og fartsdumpar. Om naudsynt kan ein også vurdere innkrevjing av bompengar på avlasta vegnett.

Torsdag gjer kommunestyret endeleg vedtak i høyringssaka som tidlegare har vore innom både plan, miljø og teknisk utval og formannskapet i Seljord.