«Kjære rektor – kan me på butikken?»
Dei eldste elevane i Nissedalskulen vil gjerne at ei ordning midt på dagen blir oppretthalde.
Tiandeklasse i Nissedalskulen har eit ønske om å kunne ta seg ein tur ned til butikken i Treungen midt på skuledagen, og sendte derfor fylgjande brev med underskriftene til elevane til rektor Reidun Carol Retterholt:
«Kjære rektor Reidun. Me i 10. klasse lurar på om me kan få ha den ordninga å gange ned til sentrum dei dagane det ikkje er varm mat i kantina. Me veit at det har vore mykje trøbbel med denne ordninga, men me veit at me kan halde oss innafor reglane. Med vennleg helsing 10. klassa».
Artikkelen held fram under annonsen.
Foreldrekontaktane hengte seg på saka:
«Søknad om sentrumsordning 10. klasse. Foreldra i 10. klasse søker herved om at elevane kan gå til Treungen sentrum to dagar i veka, måndag og onsdag. Kravet er inga forsøpling og at elevane møter opp tidsnok til neste time».
Fleire vilkår
Like etterpå, i starten av september, svara konsulent Marit Madsen ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule på vegne av rektoren. Det blei fyrst vist til at det på eit møte foreldra til tiandeklassingane hadde, blei vedteke at elevane får lov til å gå til sentrum på måndagar og onsdagar dette skuleåret.
«På bakgrunn av dette blir sentrumsordninga løyva under desse vilkåra:
*Elevane skal opptre venleg og høfleg mot personar dei møter på veg til og frå sentrum og under heile opphaldet i sentrum/på butikk.
* Elevane kastar avfall i søppeldunkar. Det skal ikkje forsøplast på nokon stad (butikk, Steinufskleiva, skuleplassen osv.)
* Forbodet mot energidrikk/godteri/brus i skuletida gjeld også for sentrumsordninga.
* Elevane er lojale mot vedtaket og dei dagane det er løyva sentrumsordning (måndag og onsdag).
Artikkelen held fram under annonsen.
* Elevane er på plass på skulen att til 4. time.
Dersom vilkåra over ikkje blir halde, vil sentrumsordninga kunne bli inndratt for ein kortare eller lengre periode, eventuelt ut skuleåret».