Fekk helse på prins Edward
– I dag er eg ein stolt grungedøl, vinbyggje og telemarking, seier leiar av Prosjekt Vest-Telemark, Øyvind Kili, etter at han fekk møte prins Edward, jarlen av Wessex.
Det kongelege møtet i England skjedde i samband med at Prosjekt Vest-Telemark (PVT) sin samarbeidspartnar, Brunswick youth and community centre er 70 år i år og arms force day blei markert fredag. Leiar av PVT, Øyvind Kili, kjenner seg heldig som får vere med på desse markeringane, og i dag fekk helse på prins Edward, jarlen av Wessex.
– PVT, representert av underteikna, var invitert til hendinga og lunsj fredag, sidan PVT blir rekna som ein viktig samarbeidspartnar for Brunswich, seier Kili.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han er stolt over posisjonen PVT har fått.
– Dette var veldig stas for ein enkel kar frå Grungedal, seier han audmjukt.
– Kva snakka du med prinsen om?
– Han spurde om eg kunne fortelje om prosjektet, og eg spurde om The royal prins kunne snakke norsk. Han lo godt og sa at det kunne han ikkje, så då stuttra eg så godt eg kunne på grungedal-engelsk om kva me held på med, seier Kili.
Han fortel vidare at prinsen var godt kjent med namnet Telemark.
– Eg inviterte han til Vinje for å gå på ski og køyre snøskuter, då lo han, takka og sa han måtte tenke på det. Det blei også snakk om kufta mi, som prinsen lika godt, seier Kili og fortel at laurdag skal han markere armys day saman med Sefton-veteranane som deira gjest frå Telemark.
– Det er ufatteleg stort og veldig stas å bli invitert med på slikt som dette, seier Kili.