Fylkeskommunen og SIVA er svært nøgde med framgangen i VTNH, og no skal verksemda arbeide med eit regionalt pilotprosjekt.  Frå venstre dagleg leiar i VTNH, Svein Foldøy, styreleiar i Vest-Telemark næringshage, Gunnar Ruud, seniorrådgjevar, Ole Andreas Schärer frå SIVA og Geir Morten Johansen og Thor Kamfjord, båe Telemark fylkeskommune.
Fylkeskommunen og SIVA er svært nøgde med framgangen i VTNH, og no skal verksemda arbeide med eit regionalt pilotprosjekt. Frå venstre dagleg leiar i VTNH, Svein Foldøy, styreleiar i Vest-Telemark næringshage, Gunnar Ruud, seniorrådgjevar, Ole Andreas Schärer frå SIVA og Geir Morten Johansen og Thor Kamfjord, båe Telemark fylkeskommune.

– Jobb nr 1, skape arbeidsplassar

Vest-Telemark Næringshage veks stadig, og no skal dei bruke tre år på å utvikle «Vest-Telemarkmodellen». – Det å skape nye arbeidsplassar er jobb nr 1, seier utviklingssjef i Telemark fylkeskommune, Thor Kamfjord.

Med støtte frå fylkeskommunen og Siva, som båe går inn med 250 000 kroner årleg, skal no Vest-Telemark næringshage (VTNH) utvikle «Vest-Telemarkmodellen».

Prosjektet tek sikte på å regionalisere næringshagen. I vinter gjekk næringshagen i gang med å kartleggje bedrifter i Vest-Telemark som kunne tenkje seg å nytte rådgjevingstenestene deira, og no har dei fått med seg mange.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Totalt har me no med 32 bedrifter i Vest-Telemark frå kommunar som Vinje, Tokke, Fyresdal og Nissedal, seier styreleiar i VTNH, Gunnar Ruud.

Næringshagen skal gje rådgjevingstenester og stimulere til vekst og utvikling i bedriftene som er med i næringshageprogrammet, og legge til rette for gründerar og høgkompetansearbeidsplassar.

32 bedrifter

Førre fredag fekk VTNH besøk frå Siva og fylkeskommunen. Seniorrådgjevar i SIVA, Ole Andreas Schärer, utviklingssjef i Telemark fylkeskommune, Thor Kamfjord, og rådgjevar innan næringsutvikling i fylkeskommunen, Geir Morten Johansen, kom for å høyre meir om mellom anna «Vest-Telemarkmodellen».

Korleis ein kan organisere eit system med målbedrifter over større avstandar, som det er i Vest-Telemark, er viktig å få kartlagt, meiner Schärer.

– Det blir eit pionerprosjekt. Me ynskjer å bruke resultata og grunnmodellen vidare, og som ein måte å arbeide på, seier han.

Fylkeskommunen er glad for at næringshagearbeidet gjev frukter.

– Det å skape nye arbeidsplassar er jobb nr 1. Næringshagesatsinga funkar og har gjeve veldig god avkasting, så me applauderer og gler oss over at næringspolitikarane også støttar opp, seier Kamfjord.

Beste praksis

VTNH var ein at tre som fekk presentere sitt arbeid på SIVA-samlinga i Trondheim i førre veke som «Beste praksis», og framgangen til verksemda imponerte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Større kommunar i Telemark lar seg overraske og imponere over dei resultata ein kan vise til her i Kviteseid, seier Kamfjord.

Sidan opninga av VTNH har næringshagemiljøet vakse seg stadig større frå 5 målbedrifter til 14 ved årsskiftet i år. Og i sjølve næringshagen har det blitt fleire arbeidsplassar.

– NC-Spectrum starta opp med 4,5 årsverk. No er dei 11 tilsette og snart blir dei 14, fortel dagleg leiar i VTNH Svein Foldøy.

Veksten i næringshagen gjer at dei i desse dagar lyser ut etter ein ny bedriftsrådgjevar, slik at det blir tre totalt.

Styrker programmet

Næringshageprogrammet er finansiert av Kommunal- og næringsdepartementet gjennom årleg støtte. No har SIVA styrkt programmet ytterlegare med ei løyving på 30 millionar kroner, 10 millionar årleg i tre år, som skal gå til ulike prosjekt i forskjellige næringshagar. Frå denne potten kan no næringshagane søkje om støtte til prosjekt.

– Der me ser innsatsen hjelper vil me fortsetja. Vår ambisjon er å få effekten til å spreie seg. Me ser ikkje mest på bygningar, men på programaktiviteten, seier Schärer, som gjerne tek imot ein søknad frå VTNH.

– Ja, vi skal søkje, seier Foldøy. – Me er alt i gang med å utforme søknaden.

Søknadsfristen er sett til 5. juni i år, der midlane blir fordelt alt 22. juni.