Songinnspeling på skulen
Ungane ved Vinje oppvekstsenter var platedebuttantar då Vinjesongen blei spela inn saman med lokale musikarar førre veke.
Førre fredag vart Vinje oppvekstsenter gjort om til lydstudio då den nye Vinjesongen blei spela inn.
I 2010 lyste bygdemobiliseringa Liv i Vinje ut ei songtevling. Songen skulle vere ein hyllest til Vinje skulekrins. Det kom inn ni ulike bidrag, og ein jury valde ut ein av songane som førre veke blei spela inn på profesjonelt vis saman med Odd Nordstoga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mange lokale krefter bidreg og alle ungane ved Vinje oppvekstsenter er med og korar. To tidlegare elevar ved skulen i Vinje, Aasne Vinjerui og Lars Ole Hagen er solistar på songen, seier Silje Hegg.
Ho fortel at det vil bli laga ein cd-singel og det blir plateslepp på «Påfonndajen» den 17. april. Då blir det også offentleggjort kven tekstforfattaren av songen er.
Me har eit mål om å få songen på Telemarkssendinga. Ni songar bidrog i tevlinga, og det vil bli framføring av 8 av dei på kvelden, etter hopprenn og skirenn og mykje moro på «Påfonndajen», seier Hegg.
Hjelp frå prosjektet
Elevtalet på skulen i Vinje er nede i ein bølgjedal nå med 26 elevar frå 1. til 7. klasse., og 15 barn går i barnehagen.
Men sjølv om elevtalet er lågt nå, håpar me at prosjektet kan vera med på å styrke oss på vegen oppatt av bølgjedalen, seier oppvekstsjef Knut Krossbakken.
Han fortel at skulen jobbar stadig med å legge til rette for eit godt skulemiljø og gode læringsresultat.
Liv i Vinje
Bygdemobiliseringsprosjektet Liv i Vinje blei formelt starta med prosjektleiar Silje Hegg i januar 2010.
Nå har eit år gått og mykje har skjedd. Nytt av året er at prosjektet er rigga om. No er det Vest-Telemark Næringsutvikling som har overteke prosjektleiinga, og tri prosjektarbeidarar jobbar i eit team.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tidlegare prosjektleiar, Silje Hegg, er særs nøgd med denne ordninga. Ho er nå prosjektmedarbeidar med ansvarsområde «Arrangement i Vinje». Dei andre som jobbar med prosjektet er bygdelivsmeklar Elisabeth Lid som har ansvar for «Bulyst i Vinje», og ny prosjektleiar Ole Dalen som har ansvar for «Ny næring i Vinje».
At Vest-Telemark Næringsutvikling er med på laget styrkar prosjektet på fleire måtar. Me er fleire som kan dra veksel på kvarandre i ein profesjonell prosjektorganisasjon med folk med ulik kompetanse. Dette er rett og slett ein slags pilot der eit regionalt utviklingsselskap tek arbeidsgjevaransvar i eit lokalt prosjekt og styrkjer det med variert kompetanse og ikkje minst forankring i høve til fylke og stat, seier Hegg.