Lang diskusjon om skulebyte
Fleire og fleire ynskjer skulebyte i Nissedal kommune. Formannskapet sa torsdag ja til ein søknad. Eit anna foreldrepar fekk nei etter at politikarane minna seg sjølv om kva dei vedtok i skulestruktursaka før jol.
Skulestruktur og -saker var heite tema i Nissedal kommune gjennom fjoråret, og er det også dei fyrste månadene inn i 2010. Torsdag hadde formannskapet nye søknader om å flytte elevar frå grendeskular til Tveit skule i Treungen.
I fjor sa eit fleirtal i Nissedal kommunestyre nei til at ein elev ved Fjone skule fekk byte skulekrins til Treungen. Etter at Fylkesmannen hadde sagt sitt fekk ei aleinemor på Fjone likevel grønt ljos for at dottera heller byrja i 1. klasse i Treungen der det er skulefritidsordning.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ja frå rådmannen
I november søkte Turine Wik Kåsa og Augon Kåsa kommunen om byte av skulekrins frå Fjone til Treungen for barna på 9 og 10 år.
Etter kvart som barna vert eldre, har dei eit auka behov for å gå i eit større miljø der dei kan vere saman med fleire på eigen alder. Dette er viktig når barn skal utviklast fagleg og sosialt. Ein så liten grendeskule som Fjone vil etter vårt syn vere avgrensande. Me som foreldre meiner dei har godt av å vere i eit større miljø når dei begynner på mellomtrinnet. Dette er grunnen til at me no søkjer om å byte skulekrins, skriv ekteparet i søknaden.
På vegne av rådmannen tilrådde kommunalsjef Benedikte Vonen å seie ja til byte av skulekrins. I utgreiinga blei det påpeika at det er viktig å lytte til vurderinga frå foreldra om kva som er det beste for barna. I januarmøtet utsette formannskapet saka og bad rådmannen gjere ei djupare utgreiing, særleg med bakgrunn i det nylege kommunestyrevedtaket om skulestruktur.
Johannes Skarprud, fungerande einingsleiar for grendeskulane, bad fungerande administrasjonslærar Geir Chr. Enger på Fjone skule uttale seg om konsekvensane eit skulebyte for to elevar vil ha for det sosiale og pedagogiske miljøet ved grendeskulen. Enger slo fyrst fast at mellomsteget blir redusert med 40 prosent av elevtalet. Vidare er Enger usamd med Skarprud som meiner at reduksjonen ikkje vil føre til praktiske konsekvensar for Fjone skule. Då to elevar der flytta til annan kommune førre skuleår, blei det borte over 20 prosent undervisingstimar utan at Enger hadde fått eit fullgodt svar av einingsleiar på kvifor.
Dette er ei vanskeleg sak der ynsket til foreldra er i konflikt med det eg meiner er det beste for skulen, uttaler Enger.
Konklusjonen til toppadministrasjonen i kommunen i neste tilråding til torsdagens formannskapsmøte blei at grunnlaget for skulebyte er der, og at det også er naturleg at kommunen dekkjer skuleskyssen barna må ha til Treungen.
Dårleg karakter for utgreiing
Ordførar Anne-Nora Oma Dahle (Sp) var ikkje sein med å bruke peikestokken mot kommuneadministrasjonen då saka på ny blei drøfta. Ho etterlyste kvifor det ikkje administrativt hadde blitt tatt ei breiare utgreiing både for og imot skulebyte, slik formannskapet bad om. Sp-politikaren var lite nøgd med rådmannens argumentasjon om å fylgje ynskja til foreldra.
Gjer me som rådmannen ynskjer, har me i praksis innført fritt skuleval, sa Oma Dahle, før ho bad rådmannen stå skulerett.
Artikkelen held fram under annonsen.
Føler rådmannen at oppdraget frå formannskapet i januar er ivaretatt, spurde ein ordførar opptatt av grendeskular.
Rådmann Sverre Sæter måtte ta imot harde augo, tok sjølvkritikk og konstaterte at det i saka var lagt større vekt på ynsket frå foreldra.
Etter at ordføraren hadde «skrive klart på tavla» kva ho meinte, greip Øyvind Tveit (KrF) inn og konstaterte at den politiske toppen og administrasjonen hadde to ulike vinklar å sjå saka på. Tveit syntest rådmannen hadde laga ei meir utgreiing enn det ordføraren hevda.
Respekt for vedtak
Astrid Eidem Nordal (KrF) føreslo å seie nei til skulebyte. Bakgrunnen var kommunestyrevedtaket før jol om å oppretthalde grendeskulane som nærmiljøskular. Kommunestyret stadfesta då at det sosiale og pedagogiske miljøet er godt og tilfredsstillande der.
Eg er overbevist om at det pedagogiske og sosiale innhaldet på Fjone grendeskule vil bli fattigare ved at to elevar reiser til annan skule, sa Tveit. og såg eit stort dilemma i saka. Foreldra det gjeld ynskjer skulebyte med bakgrunn i det pedagogiske og sosiale miljøet.
Det har vore mange diskusjonar i KrF-gruppa i denne saka. Eg har mest lyst til å seie ja til søknaden om skulebyte. Men eg stør Astrid på grunn av det me vedtok før jol, sa Tveit, klar på å vise respekt for det politiske vedtaket.
Politikarane og administrasjonen var i utakt. Utfordringa som kom i førre møte var å rette opp dialogen. Eg beklagar at det ikkje skjedde, skaut ordføraren inn.
Det låg etter kvart klart an til eit nei til skulebyte, men før avrøystinga kom desse orda frå tidlegare og mangeåring ordførar i Nissedal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Om saka blir anka vil det undre meg om Fylkesmannen overprøver vedtaket i formannskapet, sa Tveit.
Johanne Vejrup (Ap) blei aleine om å røyste for skulebyte. Dermed blei forslaget frå Eidem Nordal vedteke. Kommunestyrevedtaket før jol om det pedagogiske og sosiale innhaldet i skulane og skulestrukturen kom tilbake på den politiske timeplanen for fullt, i siste time vil vel nokon seie.
Får gå på skule i midten
Treungen og Tveit skule ligg mellom Nissedal og Felle. Jan Tore Nes og Anita Felle Nes har søkt om å flytte 11-åringen sin frå Kyrkjebygda skule i Nissedal til Tveit skule frå hausten av. Vidare ynskjer dei at det andre barnet får starte i 1. klasse i Treungen komande skuleår.
Grunnen til søknaden er at far bur i Nissedal og mor på Felle. Barna skal framover vere ei veke hos kvar av foreldra. Ved skulegang i Treungen er det bussamband til båe heimane. Eit anna moment er at det yngste barnet har behov for SFO, eit tilbod som ikkje finst på Felle.
I formannskapet blei det påpeika at ein ikkje kunne samanlikne denne saka med foreldra på Fjone som også ynskte skulebyte. Rådmann Sverre Sæter slo fast at ynsket om å byte skulekrins frå Nissedal til Treungen er ei løysing som er god for heile familien.
Frank E. Lien (Frp) varsla at han ville gå for skulebyte.
Fleire og fleire ekteskap blir oppløyst. Me kan få fleire slike saker som dette framover, sa han.
Astrid Eidem Nordal ville også seie ja til søknaden, men meinte at foreldra måtte dekkje ekstrakostnadene til skuleskyss. Slik blei det, eit samrøystes formannskap sa ja til at dei to barna får byrje på Tveit skule frå hausten av.