Slik ser 3D arkitektar AS ved Snorre Aasen for seg at Tokke-senteret i Høydalsmo kan bli sjåande ut.
Slik ser 3D arkitektar AS ved Snorre Aasen for seg at Tokke-senteret i Høydalsmo kan bli sjåande ut.

Eit steg nærare senterbygg i Høydalsmo

Rodney Omdal Karlsen var saman med eit par andre alt i 2010 interessert i å byggje eit senterbygg i Høydalsmo. Så langt kom dei ikkje, men no har Karlsen på ny sendt søknad om å kjøpe eller leige tomta.

«Me ynskjer å bygge eit senterbygg ved Oftevatn i Høydalsmo. Bygget skal innehalde leilegheiter og næringslokale for butikkdrift», innleier Karlsen i søknaden til Tokke kommune.

Sommaren 2010 sendte Karlsen saman med Ingrid Allum Kollberg og Jan Olav Kollberg ein søknad til kommunen om å kjøpe eller eventuelt leige næringstomta i Høydalsmo. I noverande søknad - seks år etter - skriv Karlsen at ekteparet Kollberg trekte seg ut av prosjektet hausten 2010. Han skriv også at prosjektet vart presentert for formannskapet i 2011, men at det aldri kom svar på søknaden frå kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Saka koka bort

– Me tok søknaden på alvor i 2010, men saka koka vel meir eller mindre bort. På den tida jobba så vidt eg veit Karlsen utanlands, og det blei vel knapt med tid til å føre prosjektet vidare for han også. Eg trudde saka ikkje var særleg aktuell lenger, men blei positivt overraska over søknaden frå Karlsen att, seier Olav Urbø som var ordførar i 2010.

Positiv ordførar

Karlsen viser til fleire møte med ordførar Jarand Felland, rådmann Brit Houge og plan- og næringssjef Gunhild Austjord i vår vedkomande Tokkesenteret som Karlsen har kalla prosjektet.

– Eg er veldig positiv til at det no ser ut til å skje noko på næringsarealet i Høydalsmo. I tillegg til Karlsen er det også to andre som har meldt interesse for tomta. Eg er absolutt optimist no, og eg er veldig glad for at fleire ser potensialet i Høydalsmo. Når det gjeld manglande svar frå kommunen har eg beklaga det, seier Tokke-ordføraren.

Fleire interessentar

I tillegg til Karlsen er Høydalsmo Næringspark AS ved dagleg leiar Tone Berit Moen Lofthus og Vinje Invest AS ved Knut Erik Jordstøl og Tom Gunnar Kroken interesserte i tomta.

– Ein draumesituasjon å ha så mange seriøse interessentar, smiler Felland.

Det er Karlsen og prosjekt Tokkesenteret som har kome lengst og dermed truleg er fyrst i køen. Karlsen har fått teikna utkastet til senterbygget som etter planen skal huse matvareforretning, klesbutikk, utstyrsbutikk for bil og andre køyretøy, kaffishop og kanskje ein reparatør av data- og teleutstyr. I andre høgda er det planar om inntil 17 leilegheiter.

Byggjesøknad i september

I søknaden skriv Karlsen at det no skal skipast eit eigedomsselskap som skal stå for utbygginga, og at målet er å sende byggjesøknaden i løpet av september i år.

«Bygget vil bli finansiert ved sal av leilegheiter og langsiktige leigeavtaler med leigetakarane av forretningane. I tillegg vil eigedomsselskapet bidra med eigenkapital i prosjektet», skriv Karlsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har bede kommune gje tilsegn for sal eller leige for ein periode på inntil eitt år med verknad frå 1. juli i år og til 30. juni 2017. Om ikkje prosjektet er fullfinansiert innan den perioden vil avtala bli avslutta, står det vidare i søknaden.

Skuffa over kommunen

Høydalsmo Næringspark og Tone Berit Moen Lofthus seier at dei ynskjer aktivitet i bygda og at det er derfor dei har meldt interesse.

– Men eg må seie at me er veldig skuffa over Tokke kommune i saka. I kontakten med kommunen fekk me tydeleg beskjed om at me fekk stille oss bak i køen. Det var eit slag i andletet for oss. Utover det er det vel best å ikkje kommentere meir no, seier Lofthus.

Vinje Invest og dagleg leiar Knut Erik Jordstøyl ynskjer ikkje å kommentere saka i det heile.

– Nei, på det noverande tidspunktet er det ikkje rett av oss å seie noko. Me får heller fylgje med på kva som skjer framover, seier Jordstøyl.

Rodney Omdal Karlsen var ikkje tilgjengeleg for kommentar.

Saka blir handsama i formannskapet i Tokke neste veke.