Det er eit flott og høgtideleg skue når den konsentrerte stilla senkar seg over startfeltet dei ti siste sekundane før startskotet og skiløparane rasar avstad. Meir enn 1000 deltakarar er venta til start når Haukelirennet jubilerer laurdag 14. april.
Det er eit flott og høgtideleg skue når den konsentrerte stilla senkar seg over startfeltet dei ti siste sekundane før startskotet og skiløparane rasar avstad. Meir enn 1000 deltakarar er venta til start når Haukelirennet jubilerer laurdag 14. april.

OL-kongen står på startstreken i Haukelirennet

Simen Hegstad Krüger skal mellom anna bryne seg mot fjorårets vinnar av herreklassa, landslagskompisen Sjur Røthe når Haukelirennet blir arrangert for tiande gong til helga.

Krüger reiste heim frå Sør-Korea med både individuelt OL-gull på 30 kilometer skibytte og på stafetten. I tillegg gjekk han inn til sølv på 15 kilometer i fristil. I Haukelirennet skal han mellom anna måle krefter med fjorårsvinnar Sjur Røthe, som i år stiller til start i Haukelirennet for niande gong. Også Hans Christer Holund med OL-bronse frå Pyeongchang har meldt at han kjem. I kvinneklassa stiller mellom andre landslagsløpar Astrid Uhrenholdt Jacobsen.

Laurdagens renn er det tiande i rekkja for arrangør IL Rein. Rennet har i løpet av desse åra posisjonert seg som ein solid aktør innan turrenn i Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Som FIS-renn har me klare retningsliner og reglement å fylgje, og er stolte av at Norges Skiforbund gjev oss gode skussmål som eit arrangement med høg kvalitet, seier Kristin Person, presseansvarleg for Haukelirennet.

Det ligg eit enormt tal på dugnadstimar bak arangementet, men takka vera eit stort engasjement; god leiing, organisering og struktur, klarer klubben med ca. 250 medlemmer å dra i hamn Haukelirennet år etter år.

For alle

Haukelirennet har klasser for alle aldrar og kondisjonar. Trimklassa har inga tidtaking, her går deltakarane så langt og så fort dei ynskjer. Om ein melder seg på i trimklassa så kan det attpåtil hende at ein «går seg til syden» …

– Me har mellom anna fleire reisegåvekort som trekningspremiar på startnummeret, inforemerer Person.

I tidtakingsklassene stiller alle i same startfelt – både konkurranse-, ungdomog mosjonsklassa. Det er eit flott og høgtideleg skue når den konsentrerte stilla senkar seg over startfeltet dei ti siste sekundane før startskotet og fleirfaldige hundre skiløparar rasar avstad.

Før Krüger og Røthe legg ut på den 32-kilometer lange traseen, skal dei saman med løparane i Team Telemark gå barnerennet med dei aller minste deltakarane. Og gå side om side med slike heltar viser seg å trigge motivasjon, innsatsvilje og målspurtar i ivrige små bein.

Spurts- og nedfartsprisar

Artikkelen held fram under annonsen.

Nytt i år er Sport 1 Vinje sin spurtpris etter 16 kilometer. Her blir dei raskaste dameog herreløparane belønna med pengepremiar.

Som vanleg deler også Statkraft ut «Statkraftspurten» til dei tre beste i dameog herreklassa som kjem fyrst over spurtstreken etter 8 kilometer.

I den spenstige nedfarten, «SR-bakken», rett før målgang, vankar det også pengepremie til den i dameog herreklassa med minst skruplar og kortast tid ned bakken.

– Sidan 2013 har me hatt mellom 1000 og 1250 deltakarar kvart år, men me har kapasitet til å ta imot enno fleire skiglade folk. Med både lensmann og prest i arrangementsgruppa bør me ha kontroll på det meste kanskje til og med vêrgudane? håpar Person.