Straumebui og Galleri Straume samarbeider om påskeope med Mangt og Mykje
Halvor og Ellen Nordahl 
Thorhild Rorge 
Anna Vinjerui Lid 
Ruth Kvålo Dalen
Straumebui og Galleri Straume samarbeider om påskeope med Mangt og Mykje Halvor og Ellen Nordahl Thorhild Rorge Anna Vinjerui Lid Ruth Kvålo Dalen

Krysset med det rare i

I påska har dei faktisk både toetasjes kjøpesenter og gourmetrestaurant i Straumekrysset.

Det var for gale at galleriet skulle stå tomt i påska, tenkte gallerieigar Ruth Kvålo Dalen. Galleri Straume stoppa drifta i fjor og ingen har førebels vist interesse for å kjøpe bygget og starte noko der.

Eit møte med Halvor Nordahl, som driv mangsysleribedrifta Mangt og Mykje saman med systera Ellen, blei starten på samarbeidet som fyller galleriet med liv att denne påska. God mat, kunst og retro-marknad er stikkord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me skal servere lammekjøt og smårips, flirer Halvor Nordahl.

Han og systera er kjende for å servere god, lokal tradisjonsmat med ein tvist, mellom anna på garden Aabø i Dalane. Og no skal dei skal altså trylle fram påskemiddagar i Straumekrysset.

I resturantområdet i 1. etasje kjem det opp ei kunstutstilling med kunstnarar som har stilt ut på Galleri Straume tidlegare, mellom anna biletkunstnar Tina Tobiassen. I andre etasje blir det retro-bruktmarknad, også denne i regi av Nordahl-syskena.

Straumebui og Galleri Straume samarbeider om påskeope med Mangt og Mykje
Halvor Nordahl 
Ruth Kvålo Dalen i glaset
Straumebui og Galleri Straume samarbeider om påskeope med Mangt og Mykje Halvor Nordahl Ruth Kvålo Dalen i glaset
Straumebui og Galleri Straume samarbeider om påskeope med Mangt og Mykje
Halvor og Ellen Nordahl 
Thorhild Rorge 
Anna Vinjerui Lid 
Ruth Kvålo Dalen
Straumebui og Galleri Straume samarbeider om påskeope med Mangt og Mykje Halvor og Ellen Nordahl Thorhild Rorge Anna Vinjerui Lid Ruth Kvålo Dalen

Dalen vil sjå korleis påske-eksperimentet går og deretter vurdere liknande stunt i galleriet framover. Dei opnar laurdag og held ope til 1. påskedag.

Kjøpesenter med aldrande fasade

På andre sida av vegen, nokre meter nærare Straumekrysset, ligg Straumebui. Eller kjøpesenteret i Øyfjell, som nokon kallar det. I fyrste etasje held Thorhild og Silje Rorge til, med Øyfjellbrau og anna lokalmat, garn og «ting og tang», som Thorhild seier.

– Me har også tatt inn «Stygge sting», broderisett med morosame og frekke tekstar, som me har fått dei til å lage på Vinjedialekt, freistar ho.

I andre etasje styrer Anna Vinjerui Lid og Sigrid Breiseth butikken «Om att – litt på halv åtte», med barneklede, litt vaksenklede, og litt av kvart anna.

Olav Thon har førebels vist lita interesse for det ørvesle kjøpesenteret, då det nok vil krevje ein del investeringar for å få det opp til hans standard. Men det hindrar ikkje at sesongen på kjøpesenteret opnar for fullt laurdag før palmesundag.

Artikkelen held fram under annonsen.

NB: I denne saka stod det i papirutgåva av VTB at Galleri Straume gjekk konkurs i fjor. Det stemmer ikkje. Eigarane valde sjølve å stoppe drifta. VTB orsakar feilen.