Jan Ove Tjønn er tilsett som verksmeister

Den 47 år gamle øyfjellingen Jan Ove Tjønn er tilsett som verksmeister ved Vest-Telemark kraftlag i Høydalsmo. Tjønn, som no arbeider ved Mesta i Åmot, startar i stillinga i byrjinga av mai. Det melder administrerande direktør i Vest-Telemark kraftlag AS, Ketil Kvaale.

Som Vest-Telemark blad tidlegare har omtalt, var dette ei svært populær stilling. På søkjarlista fanst heile 33 namn, alle menn frå Vest-Telemark. Mannen som fyrst blei boden den attraktive jobben, takka nei, og tilbodet gjekk difor til andremann på lista, som tok imot stillinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

På verkstaden får Tjønn ansvar for vedlikehald av lastebilar, mannskapsbilar, snøskuterar, ATV-ar, tilhengarar og spesialmaskinar – i alt kring 50 objekt. Han overtek jobben etter sambygdingen Sigmund Lid, som blir pensjonist etter 33 år i stillinga.