Ser ein auke i barnevernssaker
Barnevernssamarbeidet i Vest-Telemark ser ein klar auke i barnevernssaker i regionen. Det samsvarer med ei generell auke på landsbasis.
Sidan 1. april i år har Kviteseid vore vertskommune for Barnevernssamarbeidet i Vest-Telemark. Ordninga er ei vidareføring av det interkommunale samarbeidet som blei skipa i 2004.
Velfungerande samarbeid
Det er 13 tilsette i barnevernsamarbeidet. Det gjev eit fagmiljø som er å rekne med. Før denne ordninga kom på plass, kunne ein risikere å møte stengte dører på barnevernskontoret. Då sat det gjerne ein person på eit kontor i kvar kommune, og var personen ute så var det ingen til å dekke opp.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det kunne vera tøft å sittje aleine med ansvaret i ein kommune. Fekk ein ei tung sak kunne presset bli svært hardt, og det var vanskeleg å stå aleine. No har me eit fagmiljø der me kan konferere med kvarandre og me får oppbakking av dei andre dersom ein får ei vanskeleg sak. Me blir ikkje så sårbare og no er det alltid opne dører her, seier leiar av Barnevernsamarbeidet, Synnøve Bratland.
Det er lettare å jobbe med førebygging og me har eit tettare samarbeid. Me får til meir, seier nestleiar Gunn Annie Hellestad.
Merkar auken
Barnevernet har sett ein auke i barnevernssaker i Vest-Telemark. Samstundes er det ei generell auke i saker på landsbasis.
I 2007 kom det 58 meldingar til barnevernet i Vest-Telemark, medan det i 2008 kom 87 meldingar. Det er ein auke på 29 saker. Hovudparten av meldingane kom frå politiet, men det òg var ein auke i meldingar frå skulevesenet. Det kan ha ein samanheng med større fokus frå barnevernet på samarbeid med skular og helsevesen.
I fjor hadde barnevernet mellom anna eit samarbeid med rektorane på skulane i regionen med fokus på å betre rutinane for samarbeid.
Me er svært bekymra over at det er frå politiet me får dei fleste meldingane. Det seier noko om kor alvorleg situasjonen er for barnet. Me vil gjerne ha inn meldingane så tidleg som råd i eit barns liv. Særleg ville me gjerne hatt fleire meldingar frå barnehagane, seier Synnøve Bratland.
Vil tidlegare inn
Frå 31. desember 2007 og til 31. desember 2008 var det ein auke på 17 prosent i saker med barn på tiltak. Auken kjem i aldersgruppa frå seks til sytten år, medan det har vore ein svak nedgang i alderen null til fem år. Nedgangen hos dei minste barna blir sett på som eit problem, sidan det er større sjanse til å snu ei negativ utvikling dersom barnevernet kjem inn med tiltak tidleg i barnets liv.
Eit fokus på dei små barna er svært viktig. Om ein sett inn tiltak på eit tidleg tidspunkt, så gjev det mest effekt. Når barna har blitt 14-15 år er så mykje prøva og det er blir ein meir krevjande jobb, seier Gunn Annie Hellestad.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vanskeleg med statistikk
Statistikken over meldingar og tiltak i barnevernet i regionen viser ein auke, men leiar og nestleiar i Barnevernssamarbeidet meiner tala kan tolkast på fleire måtar.
Det er ein generell auke av barnevernssaker på landsbasis, og her i regionen har me i 2008 sett ein auke i meldingar frå dei offentlege instansane. Auken kan henge saman med at skular og offentlege etatar melder inn saker som dei før ikkje var trygge på om dei kunne melde inn, seier Synnøve Bratland.
Det er vanskeleg med statistikk og prosent i små kommunar. Set me inn tiltak i ein større søskenflokk i ein kommune så kan det fort gje ein auke i tiltak på 50 prosent i den kommunen, seier Gunn Annine Hellestad.
Tyngre saker
Med fleire meldingar og saker til barnevernet i Vest-Telemark er spørsmålet om ein kan sjå ei endring i sakene som kjem inn. Representantane for barnevernssamarbeidet meiner at det er fleire alvorlege og tyngre saker som kjem inn i dag.
Kjem ein seint inn i ein situasjon blir saka tyngre og det er vanskelegare å finne dei rette tiltaka. Det er tøft. Me vil jo lykkast, seier Gunn Annine Hellestad.
Dersom me får tidleg melding kan me saman med skular og barnehagar hjelpe barna mykje betre, meiner Synnøve Bratland.
Levekår er ikkje avgjerande
Ein rapport om levekår blant barn og unge i Telemark, utarbeidd av Telemarksforsking viser at barn som lever i heimar med vedvarande låginntekt er større i Telemark enn i andre samanliknbare kommunar på sør- og austlandet. Det meiner leiarane i barnevernssamarbeidet at ikkje har noko med det auka talet på saker.
Me ser at det er flest som får økonomisk bistand i Vinje og Seljord men generelt er det få saker der økonomien er dårleg for familien. I dei fleste tilfella er foreldra i jobb, og det kan vera ei utfordring å finne møtetidspunkt, fortel Synnøve Bratland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Har klare mål
Barnevernssamarbeidet har stadig utfordringar i kvardagen, og sakene ser ut til å bli fleire.
Det er mykje å strekke seg etter, og auka meldingar til barnevernet treng ikkje vera eit negativt teikn, men heller tvert om.
Eg håpar at fleire barn får god hjelp frå oss slik at me får færre tilbakemeldingar frå ungar som ikkje fekk hjelp frå barnevernet, seier Gunn Annine Hellestad.