Varslar endringar for politiet
Driftseiningsleiar i Midt- og Vest-Telemark politidistrikt, lensmann Torodd Aase i Seljord, spår at det nærmar seg endringar i organiseringa av lensmannskontora i Vest-Telemark. Han håpar på samarbeid og nytenking for å få til gode løysingar over kommunegrensene.
Torodd Aase trur det kjem endringar i organiseringa av lensmannskontor, og at endringane er naudsynte. Etter kvart som denne problemstillinga kjem på bordet, oppfordrar Aase politikarane til å vera med på planlegginga.
Politimeisteren har starta ein prosess i Telemark og signalisert at det kjem forandringar, og no kjem det til Vest-Telemark. Politiet har dårleg med ressursar. Me er 13 betjentar og fem lensmenn her i Vest-Telemark, og me skal passe på over 13.000 menneske. Me har òg i Midt- og Vest-Telemark åtte lensmannskontor som er opne. Det er åtte opne dører som må passast på, og det bind opp ressursane. Me må gjera ting på ein smartare og betre måte. Det blir viktig framover å få til ein god dialog for å få til gode løysingar, seier Torodd Aase.
Artikkelen held fram under annonsen.
Større einingar
I dag er ingen faste føringar lagt, men truleg blir det snakk om å slå saman einingar og lensmannskontor.
Kommunane kan legge ned veto mot samanslåing av lensmannskontor i fyrste omgang, men det kan overprøvast og det beste er om ein kan koma til ei semje om strategien, meiner lensmannen.
Dette er noko som i mine augo kjem til å skje i alle fall. Slik sett er det betre å vera med på å styre prosessen enn å bli overkøyrd. Eg har ingen fasitsvar på korleis dette kan løysast, men truleg må me ha færre opne lensmannskontor. Draumen er å ha ein bil på vegen store delar av døgnet, og det krev ledig kapasitet. Omtrent 80 prosent av dei hendingane som politiet tek hand om, skjer i ein korridor på to mil langs E 134, seier Aase.
Manglar folk
Nyutdanna politifolk vil ikkje jobbe i dei mindre distrikta, men søker seg heller til større einingar der ein har eit større miljø rundt seg.
Nett no har me 3-4 ledige stillingar i området, og me får ikkje søkarar. Det er eit problem å skaffe folk, så me manglar ressursar. Det fører til uheldige situasjonar, forklarar Aase.
Eit problem er at politiet ikkje har nok folk til å rykke ut til brukarane sine. Eit døme har Torodd Aase i sin eigen familie, då svoger hans hadde innbrot på eigedomen sin. Då han ringte til politiet fekk han beskjed om at det ikkje var mannskap ledig til å koma og undersøke, men fekk eit skjema tilsendt i posten for å registrere hendinga.
Me har gode måtar for å oppklare slike tilfelle ved hjelp av fingeravtrykk og DNA-testing, men me må på staden for å samle inn bevis. Me ynskjer å vera meir ute, og møte brukarane våre, men det krev ledig arbeidskapasitet, seier Aase.
Endringar kan vera bra
Lensmannen i Seljord meiner at endringar kan vera til det beste for innbyggjarane i Vest-Telemark.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me har fleire tilfelle av nedleggingar og samanslåingar over kommunegrensene som har fungert godt for innbyggjarane. Det var vel ingen som ynskte at postkontora skulle leggast ned, men me har den same servicen no, med lengre opningstid mange stader. Likeeins er barnevernssamarbeidet her i Vest-Telemark eit eksempel på at samarbeid over kommunegrensene kan fungere svært godt. No har politikarane bestemt seg for å satse på bomveg for å få betre vegar. Det er nok ikkje mange som verkeleg vil ha ein bomveg, men eg trur at politikarane ikkje stemte med hjarta i den saka, men heller med hovudet. Mitt ynskje er at dei som sit i kommunestyra skal gjera det same når saka om politiet kjem på bordet. Eg ville gjerne sett at dei stemte med hovudet, seier Torodd Aase.
Vil ha opne kort
Torodd Aase ynskjer å ha ein open prosess, og difor går han no ut med denne oppmodinga.
Eg ynskjer å spela med opne kort. Me har for mange dører å passe på og må frigjera arbeidskraft. Me får truleg ikkje fleire stillingar hit, og har dessutan problem med å få folk til jobbane. Bodskapen er at det kjem til å skje noko, og at det er viktig å prøve å vera positiv til omskiftingane. Ingenting er fast bestemt enno. Difor har politikarane og innbyggjarane no ein stor sjanse til å påverke framtida, seier Torodd Aase.