– Ein dyktig lege er ikkje ein som trur han kan alt
Anne Ruth Syrtveit Mikalsen blei tilsett som kommunelege 1 i Kviteseid i midten av august i år. Saman med familien på fem føler ho seg svært godt motteken i kommunen.
Det er tidleg laurdag morgon og frukostbordet skal dekkjast hjå familien Syrtveit Mikalsen. På toppen av Høgvollvegen i Kviteseid er det kø på badet. Medan minstemann Magnar på seks år dekkjer bordet, finn Anne Ruth fram pålegget. Far Vidar kjem ut frå badet, medan eldstejenta Solveig på tretten får overta plassen. Når Ingrid på ni år også kjem inntil frukostbordet er dei fulltalige.
Det er som hjå familiar flest om morgonen. Ein smule kaotisk, men med eit system bak.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kom frå nord
Familien på fem kom til Kviteseid i sommar etter at Anne Ruth tok imot stillinga som kommunelege 1.
I august starta ho i jobben og no er dagane fulle på legekontoret. Det tek litt tid å bli kjend med nytt kontor, nye pasientar og nytt miljø.
– For augneblinken så er det veldig hektisk. Det tek litt lengre tid for meg som er ny å setja meg inn i sakene og få ei oversikt over pasientane på fastlegelista mi, seier Mikalsen.
Mikalsen var ferdig utdanna som lege i 1997 og har erfaring frå arbeid på sjukehus og legekontor. I 15 år dreiv ho privat praksis i Lødingen i Nordland, men det var for lite tilskot og for mykje arbeid, og ho byrja å sjå seg om etter ei stilling innanfor det offentlege. Det fann Mikalsen i Sauda og i 2013 flytte familien dit.
– Mannen min fekk ikkje arbeid i nærleiken, men måtte pendle ein time til Sand i Suldal. Det blei for mykje, så me såg oss om etter ein ny plass, og då på austsida av Haukelifjell, seier Mikalsen.
Valet fall på Kviteseid, der også mannen Vidar fekk tilbod om fast stilling som lærar på Kviteseid skule.
Familien hennar kjem frå garden Syrtveit i Evje, og sjølv har ho røter i Vest-Telemark med ei oldemor som kom frå Fjågesund.
– Eg budde også tre år i Nissedal som barn, fortel ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Så no er ringen slutta ved at me kom tilbake, skyt ektemannen inn.
Travelt
Situasjonen på legekontoret i Kviteseid i dag er at ein har to faste legar og ein turnuskandidat.
– Me er svært heldige med turnuskandidaten, for ho var sjukepleiar som no er utdanna til lege. Så det er ein luksusressurs. Me har forskjellig kompetanse alle saman på legekontoret, og me utfyller kvarandre godt. Det er ei god hjelp og støtte, seier Anne Ruth.
I mars neste år vil det også ein tredje lege koma til legekontoret, men enn så lenge er det hektisk. Såpass at ein ekstra vikar er kalla inn frå midten av november og ein månad fram for å få unna litt av arbeidet.
– No er det ventetid hjå meg på seks veker, og det er for lenge, seier ho.
Kommunelegen blei difor overraska over ordførar Torstein Tveitos utspel i avisa der situasjonen på legekontoret blei skildra som løyst, og der han oppmoda innbyggjarane om å bytte fastlege til Kviteseid.
– Eg fekk hakeslepp. Me på legekontoret var ikkje informert i forkant, og han hadde heller ikkje oppdatert seg om situasjonen slik den er på legekontoret i dag. Me ynskjer sjølvsagt at flest mogeleg vel å koma til oss, men ikkje for at dei er forplikta til det. Eg håpar at pasientane kjem fordi dei vil ha oss, ikkje fordi dei kjenner seg forplikta til å berge kommuneøkonomien. Ein skal gå til ein lege for at ein har tillit til han, poengterar ho.
– Ein dyktig lege er ikkje ein som trur han kan alt, men ein som veit han ikkje kan alt. Og ein lege skal heller ikkje alltid gjera det pasienten vil. Det er ein grunn til at me har seks år med utdanning, fortsett ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Erfaring frå andre sida
Sjølv har ho opplevd korleis det er å vera pasient i møte med helsevesenet. I 2002 fekk ho påvist hjernesvulst. Då var eldstejenta bare 9 månadar gamal.
– Det var usikkert korleis det ville gå, og det var ei vanskeleg tid. Heldigvis gjekk det bra. Etter eg kom tilbake frå hjerneoperasjonen var eg ein annan lege. Eg såg også personen og ikkje bare sjukdomen hjå pasientane. Og det blei lettare å gje informasjon tilbake til pasientane. Då eg var sjuk oppdaga eg at det viktigaste var at ting blei gjort, ikkje korleis. Det er aldri lett å ta dei store samtalene, men eg tør. Det viktigaste er å få informasjon som pasient, seier Anne Ruth.
Som eit resultat av sjukdomsperioden har ho i dag epilepsi og er for tida utan førarkort.
– Men når eg er på vakt er mannen min heime, så me får det til, fortel ho.
Ynskjer samarbeid
Med fleire års erfaring som lege forskjellige stader ser Anne Ruth verdien av at legar har kontakt seg imellom. Under perioden som lege Lødingen var det lagt opp til eitt fagleg møte i månaden for alle legane i området rundt Harstad. Kvelden blei avslutta med eit felles måltid. Den måten å treffast på for legar er noko ho kunne tenkje seg å få til på tvers av kommunegrensene.
– Det var fagleg og sosialt bra, og hadde eg eit spørsmål til ein sjukehusspesialist eller ein annan fastlege, visste eg kven dei forskjellige legane var. Det å vite om kvarandre sosialt og fagleg er gunstig, seier ho.
Blir bufaste
Nett no leiger familien hus av kommunen, men planen er å bli verande permanent i Kviteseid. Difor har dei kjøpt bustadtomt og byggesøknad er sendt inn.
– Me satsar på å bli. Me skal ikkje flytte meir, er familien Syrtveit Mikalsen einige om.
Artikkelen held fram under annonsen.
Og som ferske innbyggjarar er det ein ting som blir spanande framover. For dei ser fram mot vinterhalvåret.
– Me er svært spente på kor mykje sno det blir i vinter, smiler Vidar.