Morgedølen Kristian Lauvik Gjelstad gjekk heilt til topps då heimklubben arrangerte noregscup i telemark i helga.
Morgedølen Kristian Lauvik Gjelstad gjekk heilt til topps då heimklubben arrangerte noregscup i telemark i helga.

Til topps på heimebane

Telemarkskøyraren Kristian Lauvik Gjelstad frå Morgedal IL var i helga tilbake etter tommelskaden han fekk under junior-VM i Frankrike. Han gjekk heilt til topps i juniorklassa på sprinten då heimklubben, saman med Skarphedin, arrangerte noregscup i Vrådal.

– Det var utruleg moro å vinne i dag. Eg var fornøgd med køyringa i går, men var uheldig og datt. Då eg vakna til morgonen var skuldra veldig stiv og vond, så eg var usikker på om eg i det heile tatt skulle køyre i dag. Men eg stilte til start, satsa bra og køyrde feilfritt i fyrste omgang. I andre omgang gjekk det også bra. Alt i alt var det skikkeleg gøy å køyre. Det var lang hoppgrense og morosam skøytedel, og det er så klart ekstra gøy med siger etter tommelskaden og med ei skulder som ikkje er heilt på topp, uttala Gjelstad på skiforbundets heimeside etter sigeren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arrangørane fekk mykje ros etter helga.

– Dette har vore eit profesjonelt renn med mange frivillige, som bruka mange timar på å stelle i stand to fine renn for oss som var der. Kjempefin bakke å ha renn i, her synest eg me bør ha NM ein gong, sa vinnaren av herreklassa, Mikkel Nygaard Løken.