I gamle dagar var skulen prega av ein streng lærar som kravde kadaverdisiplin, og i undervisninga var det mykje pugging. Dagens elevar gav eit døme på tilhøva før i tida. På kateteret Jon Olav Haugetuft.
I gamle dagar var skulen prega av ein streng lærar som kravde kadaverdisiplin, og i undervisninga var det mykje pugging. Dagens elevar gav eit døme på tilhøva før i tida. På kateteret Jon Olav Haugetuft.

Heile Åmotsdal feira skulen sin

Meir enn 200 bygdefolk i Åmotsdal, og mange tilreisande, var laurdag samla for å feire at det er 50 år sidan skulen vart bygd. Skulen er limet i grenda, og ordførar John Kleivstaul forsikra at det ikkje ligg føre planar om nedlegging.

Skulejubileet var reine bygdefesten. Menneske i alle aldrar strøymde til skulen laurdag for å ta del i jubileumsfesten. Dei slår ring om skulen sin som på 1990-talet var truga av nedlegging. Men sidan har folketalet i Åmotsdal auka. Flerie yngre familiar har flytta til grendene som soknar til skulen, og i fylgje ordføraren vil barnetalet då nærast auke av seg sjølv.

– Me skal ha skulen her i Åmotsdal. Han er limet som held bygda saman, og er den kulturelle samlingsstaden, meinte John Kleivstaul, som i tala si fortalte at før ein gjorde vedtak i 1953 om å byggje skule på Kyrkjemoen hadde saka vore drøfta i heile 25 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

4. november 1955 kunne dei første elevane saman med lærarane sine ta den nye skulen i bruk. Snikkararbeidet kosta 159.017 kroner, og byggjetida var eit år. I tillegg kom tomt og grunnarbeid på til saman 275.000 kroner for 50 år sidan.

Bygt på rett tid

Seljord-ordføraren konstaterte i tala si at det var på høg tid at Åmotsdal fekk ny skule, og at tidspunktet også var det rette. Utover i 60-åra var det store barnekull.

Frå kommune kunne rektor Svein Vetle Trae ta i mot eit tresnitt av Terje Grøstad.

Karl Valhovd leia bygdefesten. Sol frå skyfri himmel ute og ein fint pynta festsal skapte ei flott ramme rundt jubileumsmarkeringa.

Eivind Dyrland, som var elev då skulen blei teken i bruk, hadde skrive prolog der han mintest korleis det var å flytte inn i ein ny skule som hadde både eigen sløydsal og eige skulekjøken.

– Elevane blei henta med bussar frå avsides grender og køyrt til skulen på Kyrkjemoen. Og det kom lærarar til bygda frå mange stader, og mange av dei drog vidare i same fart som dei kom, hugsa Dyrland som vedgjekk at det hadde teke tid å skjøne kor mykje skulen hadde gjeve elevane.

Rivande utvikling

Rektor Svein Vetle Trae drog i sitt innlegg opp skulesoga frå den tida det var omgangsskule i bygda, og undervisninga strekte seg over 12 veker i året, og fram til dagens skule som Trae sa dei var stolte av.

Dagens elevar markerte jubileet ved at dei eldste elevane gav ein smakebit på korleis disiplin og pugging av mellom anna salmevers prega tidlegare tiders skule. Dei yngste elevane framførte fire songleikar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elles var det allsong, god mat og mykje tid til mimringomkorleis skuletida hadde vore i Åmotsdal. Mange tidlegare elevar hadde funne vegen til bygda laurdag, og fleire hadde ikkje sett kvarandre sidan dei gjekk ut av skulen for 40-50 år sidan.