Vest-Telemark Museum har store samlingar av måleri og skulpturar som dei gjerne vil vise fram og setja inn i ein samanheng som syner Vest-Telemark sin rolle i norsk biletkunst. Konservator Dag Rorgemoen ser for seg eit eige kunstmuseum på Rauland, men då må Vinje kommune tungt inn på den økonomiske sida.
Vest-Telemark Museum har store samlingar av måleri og skulpturar som dei gjerne vil vise fram og setja inn i ein samanheng som syner Vest-Telemark sin rolle i norsk biletkunst. Konservator Dag Rorgemoen ser for seg eit eige kunstmuseum på Rauland, men då må Vinje kommune tungt inn på den økonomiske sida.

– Ynskjeleg med eige museum for biletkunst

– Det hadde vore ynskjeleg med eit eige museumsanlegg på Rauland som kunne trekkje dei lange linene i Vest-Telemark si kunsthistorie. Utan at me får Vinje kommune med på ei slik satsing, blir ynskja neppe noko meir enn ein draum, meiner konservator Dag Rorgemoen ved Vest-Telemark Museum.

Dyre Vaa-samlingane og Skinnarlandsamlinga høyrer inn under Vest-Telemark Museum (VTM). Samlingane er no registrerte og fotograferte. Den jobben blei avslutta i vår. I tillegg har VTM biletkunst og skulpturar på fleire av dei andre anlegga sine. Totalt har 1.398 gjenstandar blitt digitaliserte og er registrerte under kategorien biletkunst.

I fylgje Dag Roregmoen er kunstbiten lite ivareteken i museumsreforma som er grunnlaget for etableringa av VTM. Reforma konsentrerar seg i det store og heile om kulturhistoriske samlingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er litt uvanleg å sjå kulturhistorie og biletkunst som eit heile. Når det er meir naturleg i Vest-Telemark, så skuldast det at biletkunsten som blei skapt her, heng nært saman med folkekunsten. Men frå staten si side er der ingen økonomiske gulrøter som gjer at det er tilgjengelege pengar til etablering av eit kunstmuseum, fortel konservatoren.

VTM arbeider i dag etter ein strategiplan som går fram til 2008 og som tek utgangspunkt i ein ressursbruk på dei einskilde anlegga som minst skal vere på 2002-nivå. Dette er alt meir enn oppfylt.

Trong for spesialistar

– Framover blir det ein diskusjon korleis me skal leggje opp ein strategi i høve til kunstformidlinga. Det hadde vore ynskjeleg at museet hadde hatt eigen kompetanse på området. Ein fagperson, til dømes ein målerikonservator, til å ta vare på samlinga vår av biletkunst og skulpturar er det stor trong for. Alle gipsskulpturane i Utsondhalli på Kviteseid bygdetun er eit kapitel for seg sjølv, og dei treng profesjonell handsaming, meiner Dag Rorgemoen.

Men skal ein byggje opp eit kunstmuseum må ein òg ha ein kunsthistorikar som kan arbeide med formidling og ei total framstilling av Vest-Telemark si kunsthistorie. I dag finst det ikkje noko museumsanlegg som trekker opp linene i kunsthistoria. Ein har fleire biografiske anlegg, men her får ein ikkje presentert heilskapen og på ein og same stad synleggjort betydninga til dei ulike biletkunstnarane som har henta inspirasjon og motiv i Vest-Telemark.

Sentral rolle

– Kva rolle har Vest-Telemark spelt i norsk kunsthistorie?

– Eg vil seie at Vest-Telemark har vore viktig i kunsthistoria gjennom fleire epokar og periodar. Mange av kunstnarane som har sett spor etter seg har vore tilreisande, men som gjerne måla her i store delar av sitt aktive kunstnarliv. Dette skulle me gjerne formidla, men skal me få det til trengst ei større satsing. Både tenkinga og strategien må vere mykje meir langsiktig enn kva det har vore til denne tid. Utan ei tung satsing frå Vinje kommune blir det vanskeleg å få ein heilskapleg presentasjon på Rauland av biletkunsten som er skapt i Vest-Telemark, seier Dag Rorgemoen.