Skal leggje asfalt i fire kilometer på Garvikstrondi, men det er også all asfalten som blir lagt på fylkesvegane i Vest-Telemark i år.
Nærmare 60 000 meter fylkesvegar skal asfalterast i Vestfold og Telemark fylke i år.
Konkurransen om kven som skal få kontrakten er i gang. Fristen for å levere tilbod er sett til 16. april.
– Målet vårt er at vegane i fylket skal vera best mogleg ut frå dei økonomiske ressursane me har til rådvelde, seier Gunnar Berg Treidene, direktør i seksjon for samferdsel, miljø og mobilitet i fylket.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fordelinga av midlane til dei områda som dei gamle fylka dekka, er om lag 27 000 meter i gamle Vestfold og vel 31 000 meter i gamle Telemark.
Kva vegar som skal prioriterast blir avgjort etter ein inspeksjon av vegnettet, opplyser Vestfold og Telemark fylkeskommune i ei pressemelding.
Strekningar der asfaltdekket har «aukande negativ utvikling» blir prioritert. Dette fordi konsekvensane blir store om desse vegane ikkje blir asfaltert.
Av vegane i Vest-Telemark er det berre fylkesveg 3350 på Garviksstrondi som er prioritert på lista. Vegen blir som kjent bruka som omkøyringsveg medan Rv36 mellom Seljord og Bø blir utbetra.
– Me ynskjer å få asfaltert mest mogleg innanfor dei rammene me har. Det er gunstig å asfaltere fleire vegar innanfor eit geografisk område samstundes, for at ikkje kostnadene blir for høge. Der trafikkmengda er høgast, blir også vegane naturleg nok mest slite. Vegar som har høgare trafikk enn gjennomsnittleg 5000 køyretøy i døgnet, har høgast prioritet, opplyser Vestfold og Telemark fylkeskommune.
– Tryggleik og trafikkstøy er også lagt inn i kriteria når vegstrekninga blir prioritet, heiter det vidare.
Heile lista over fylkesvegar som skal asfalterast
Fylkesvegnr. | Frå-til | Meter asfalt | Kommune |
40 | GS – veg SVARSTAD N, frå Holevn til under 40 | 349 | Larvik |
40 | GS – veg SVARSTAD N, under 40 til Brandsrudv. | 368 | Larvik |
313 | GS – veg LANGS FV313 | 1 124 | Holmestrand |
313 | GS – veg LANGS FV313 | 836 | Holmestrand |
313 | GS – veg LANGS FV313 | 631 | Holmestrand |
353 | GS – veg, VOLL- SVANVIK | 1203 | Skien |
356 | GS – veg, SVANVIK | 356 | Skien |
356 | GS – veg, VOLL | 189 | Skien |
40 | SMOKKESTAD – SVARSTAD | 3095 | Larvik |
300 | KILEN MIDT RKJ – FRODEÅSTNL ØST | 2738 | Tønsberg |
308 | SEM KRK RKJ 35- KJELLE RKJ N | 1053 | Tønsberg |
311 | ILEBREKKE RKJ-BLIKSEKILEN | 3768 | Tønsberg |
312 | X306 SJUE – VIVESTAD SØR | 4047 | Sandefjord |
313 | FORTAU SNEKKESTAD | 316 | Holmestrand |
313 | FORTAU MULVIKAVEIEN X SANDSVEIEN FV313 | 77 | Holmestrand |
325 | KJÆR RKJ 311- BAKKENTEIGEN RKJ | 1889 | Horten |
3048 | HELGELAND X 3228 – LARDAL/LARVIK | 3803 | Larvik |
3102 | ELGESTAD X 308- EKENES N X 309 | 1315 | Færder |
3114 | WERGELANDS VEG (X TRUDVANGVN – X 3112) | 480 | Tønsberg |
3228 | GÅSERUD X 40 – HELGELAND X 3048 | 1460 | Larvik |
32 | FERIST- BAKKANE | 2615 | Siljan |
32 | HOLTESLETTA | 590 | Siljan |
32 | KREPPA BRU – GJERPEN KYRKJE X KV | 2080 | Skien |
32 | HAUEN RKJ – HOVENGA | 2421 | Skien |
353 | SVANVIK X Fv356 – SKYGGESTEIN X Rv36 | 6283 | Skien |
356 | KNARDALSTRAND X Rv36Rkj | 640 | Porsgrunn |
357 | GRØTSUND – SKOTFOSS | 1720 | Skien |
357 | MYREN RKJ | 100 | Skien |
3264 | LILLEGÅRDEN XFv3260 – RØRA | 3607 | Porsgrunn |
3282 | PLESNERPARKEN X Fv32 – X Kv GJERPENSGT | 796 | Skien |
3328 | GARVIKSSTRANDA | 4000 | Seljord |
3350 | STATHELLE X 352 – SKJÆRGÅRDEN Rkj | 4346 | Bamble |
Totalt meter | 58 295 | ||