Kristoffer Roholdt frå Vrådal var lei Oslo. Han sa opp jobb og leilegheit for å reise.
Kristoffer Roholdt frå Vrådal var lei Oslo. Han sa opp jobb og leilegheit for å reise.

Sa opp jobben for å ut og reise

Kristoffer Roholdt frå Vrådal var lei av kvardagens tjas og mas. Han sa opp fast jobb og brukar pengane han hadde spart til leilegheit til å reise jorda rundt.

Førre fredag sette Kristoffer Roholdt beina på sørafrikansk jord. Den elleve månadar lange reisa jorda rundt har starta i Cape Town. Etter planen skal han innom 26 land i alle dei fem kontinenta før han 18. juli neste år er heime att i Vrådal.

– Eg gjekk rett og slett lei. Lei av tjas og mas, og sa opp leilegheita og jobben, seier Kristoffer og smiler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han var godt i gang med å spare til leilegheitskjøp i Oslo, og var til og med på fleire visningar. Men i april ombestemte han seg. Han såg ikkje for seg noko framtid i hovudstaden. Etter å ha tenkt på saka ei veke sa han opp jobben som teknisk IT-konsulent og byrja å planleggje ei elleve månadar lang reise.

– Sjefen sa han ikkje hadde venta det av meg, men at eg måtte ringe att når eg kom på norsk jord, fortel Kristoffer.

– Om ein nøler, blir det aldri noko av det, seier han om valet.

– Er det ikkje litt dristig å seie opp ein fast jobb for å reise jorda rundt?

– Vel, eg blir vel overraska om data er på veg ut når eg kjem heim, smiler han.

Han har budd åtte år i hovudstaden, og arbeidd som IT-konsulent sidan 2005. Med litt inspirasjon frå Travel channel hoppa han i det.

– Det kjentest veldig rett ut, forklarar han.

Ein månad på safari

Han skal vere ni dagar i Cape Town. Deretter ventar ein månad lang safari gjennom Namibia, Botswana, Zambia og Zimbabwe.

– Eg har no sett både bever og elg, så det er ikkje så nøye om eg ser nokre ville dyr på safarien, fleipar han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Safarien endar i Johannesburg. Oppdagingsferda går vidare til India og så blir det badeferie i Bangkok. Jol og nyttår blir etter planen feira på New Zealand der han skal vere heile 40 dagar.

– Kvifor så lenge i New Zealand?

– Det skal visst likne på Noreg, seier han og ler.

Han har planar om å reise rundt på båe øyane, og satsar på å prøve litt ekstremsport. Men om det blir dykking saman med kvithai i Sør Afrika hadde han ikkje tatt stilling til då VTB tok ein prat med han før avreise. Men på heimesida «www.globaldoffer.com» kan besøkande røyste på om han skal nettopp det. «Bør jeg dykke med hvithai i Cape Town?», lyder spørsmålet, og svaralternativa er: «Seff, da vil du ikke klage over tryter i garnet seinere», «Kanskje, det er jo bare en fisk», og «Nei, afrikanske bur er ikke til å stole på». Då VTB gjekk i trykken meinte 80 prosent at vrådølen burde sjå kvithaien på nært hald.

Bursdag på Cuba

I februar fyller Kristoffer 30 år. Dagen blir feira på Cuba, og vrådølen har ei klar melding til venene sine med tanke på milepælfeiringa.

– Det er vel slike feiringar som viser kven som er dei eigentlege venene, inviterer han med eit smil.

– Korleis valte du reiserute?

– Eg plukka ut stader eg hadde lyst å reise til, og har lagt opp reiseruta etter årstidene. Kilroy travels har sydd saman ruta, og eg har opne flybillettar slik at eg kan justere litt undervegs, forklarar han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om reiseselskapet har skreddarsydd langturen, har det vore mykje arbeid før avreise. Visum, vaksinar og ekstra reiseforsikring er blant det som har tatt mykje tid, og kosta kroner. Men pakking til turen stressa han ikkje med.

– Av prinsipp pakkar eg sekken same dag som avreise, seier han.

Han ser ikkje for seg noko framtid i Oslo når turen er over, og han satsar på å slå seg ned i Vrådal.

– Så om nokon treng ein IT-konsulent om elleve månadar, er det berre å gje lyd, oppmodar han med eit smil.