NVE: – Ingen fare for kraftforsyninga ved sjukdomsutbrot
Kraftforsyninga er godt førebudd til å handtere ein situasjon med auka spreiing av koronavirus, melder NVE.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvaret for å samordne og leie beredskapsplanlegginga.
Etter ein gjennomgang med dei sentrale aktørane i kraftforsyninga i landet er tilbakemeldinga at drifta går som normalt, med nokre tilpassingar for å ta høgde for at situasjonen kan utvikle seg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Også NVE gjennomfører tiltak som auka bruk av heimekontor, utsetjing eller avlysing av arrangement og sterkt redusert reiseverksemd.
(©NPK)