Paul Strandskogen fortalde mykje om krigen til 10.-klassingane frå Edland skule. Mellom anna blei tungtvass-sabotør Knut Haukeli trekt fram. Her ved minnerelieffet utanfor forsvarsmuseet i Vinje.
Paul Strandskogen fortalde mykje om krigen til 10.-klassingane frå Edland skule. Mellom anna blei tungtvass-sabotør Knut Haukeli trekt fram. Her ved minnerelieffet utanfor forsvarsmuseet i Vinje.

Eit glimt av fortida

Alle elevane i 10.-klasse ved skulane i Vinje fekk torsdag omvising i forsvarsmuseet i Vinje. Dei tykkjer det er vanskeleg å førestille seg korleis krigsåra var.

I går var det frigjeringsdagen. 70 år har gått sidan Noreg atter blei eit fritt land etter fem år der me var okkupert av tyskarane.

Tidlegare på dagen hadde Svein Vetle Trae halde føredrag om krigsåra, og om mykje av det som skjedde lokalt i tidsperioden. Etterpå var det omvising i forsvarsmuseet, og entusiast Paul Strandskogen stod for den delen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sterke inntrykk

Fyrst ute av 10.-klassane var Edland skule. Alle avgangselevane i kommunen var med dei kvite bussane til Tyskland og Polen for vel to veker sidan, og hadde såleis med eigne augo sett mykje av den mørkaste krigshistoria.

– Det er interessant å høyre om krigen, og gjerne det som skjedde lokalt i Vest-Telemark og området vårt. Me veit ikkje heilt korleis dei hadde det, men truleg var det ikkje så ille. Men det måtte vere irriterande at dei ikkje fekk tak i det dei ville både når det kom til klede og mat, meinte Anders Holt Bratland.

Vanskeleg å skjøne

Andre verdskrigen er tema i skulen, og elevane har høyrt litt lokalhistoria frå den tida. Likevel slit dei med å fatte korleis folk opplevde krigsåra.

Elevane i 10.-klasse ved Edland skule fekk omvising av Paul Strandskogen på forsvarsmuseet i Vinje.
Elevane i 10.-klasse ved Edland skule fekk omvising av Paul Strandskogen på forsvarsmuseet i Vinje.
10.-klassingane ved Edland skule har lært mykje om andre verdskrig. Torsdag var Sander Gunvaldjord, Tor-Sondri Nystog, Anders Bratland, Matilde V. Hermansen, Liv-Yun Reinsviki, Ingelin Elgen, Malena Åsheim, Ida R. Nylend, Helene Gunvaldjord, Oda Lauvås, Olaug Gardsteig, Aslaug Stormo og lærar Oddbjørn Hyttedalen (tilfeldig rekkjefylgje) på forsvarsmuseet i Vinje.
10.-klassingane ved Edland skule har lært mykje om andre verdskrig. Torsdag var Sander Gunvaldjord, Tor-Sondri Nystog, Anders Bratland, Matilde V. Hermansen, Liv-Yun Reinsviki, Ingelin Elgen, Malena Åsheim, Ida R. Nylend, Helene Gunvaldjord, Oda Lauvås, Olaug Gardsteig, Aslaug Stormo og lærar Oddbjørn Hyttedalen (tilfeldig rekkjefylgje) på forsvarsmuseet i Vinje.

– Det var nok fælt for mange. Me klarer ikkje å setje oss inn i situasjonen, men me får ei viss kjensle av korleis det kunne vere når me ser bilete og høyrer forteljingar frå krigen. Det er viktig å ta vare på historia og bli meir bevisste på det som skjedde, sa Ingelin Elgen.

– Kan noko slikt skje i dag?

– Det er ikkje godt å seie noko om det, men i så fall blir det ein heilt annan type krig, svara elevane frå Edland skule.

Hadde tyskarane innpå

Paul Strandskogen er frå Drangedal. Han kom til Vinje i 1962. Strandskogen var seks år gamal då krigen braut ut, og han fekk tidleg nærkontakt med tyskarane.

– Me fekk tyskarane nært innpå oss, og då eg var ti år blei eg vekt av at dei henta far min. Det var også andre episodar som gjorde at krigsåra har brent seg fast i minnet for alltid. For meg er det umåteleg viktig å formidle det som skjedde, sa Strandskogen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortalte mellom anna om kampane ved Vinjesvingen og Liosvingen. I museet er det utstilt våpen, klede og masse utstyr frå krigsåra.

– Ein måtte ha rasjoneringskort på det aller meste for å få tak i varer. Ofte var det ikkje råd å få tak i det ein ynskte, sa han.

Strandskogen via naturleg nok mykje merksemd til milorgmannen Knut Haukelid, med røter frå Haukeli, fødd i Brooklyn, USA, og leiaren for motstandstyrkane i mellom anna Liosvingen og Vinjesvingen, Thor Olaf Hannevig.

Var ikkje godt nok førebudde

Strandskogen slo også fast at Noreg var dårleg førebudd på ein krig. Sjølv om geografien og topografien skulle tale i Noregs favør var ikkje det nok.

– Josef Terboven, som mellom anna var innom på Dalen under krigen, var rikskommissær i Noreg under krigen. Han var den øvste leiaren for dei tyske styrkane i landet, og hadde berre Hitler som overordna. Terboven sa at topografien utgjorde 90 prosent av Noregs forsvar, men at dei resterande 10 prosent, som var politikaranes ansvar, ikkje var på plass. Han meinte med det at Noreg burde vore enkelt å forsvare dersom militæret hadde vore godt nok rusta, fortalte Strandskogen.