Opprettar tilsynsordning for barn av foreldre med «samfunnskritiske jobbar»
Kommunane tilbyr ei tilsynsordning for barn av foreldre i enkelte samfunnsgrupper.
I fyrste omgang gjeld det barn av helsepersonell, transportnæringa og naudetatane, melder kommunalsjef Ingunn Haugland i eit skriv til barnehageforeldre i Kviteseid kommune.
Det same gjeld for barn med særlege omsorgsbehov som ikkje kan takast i vare når barnehagen er stengd.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Tilsynsordninga gjeld i utgangspunktet dersom båe foreldre har samfunnskritiske yrke. Det kan også vera andre årsakar til behovet. Då ber me om at de ringer til kontaktperson under i barnehagen de høyrer til i. Andre funksjonar kan også definerast som samfunnskritiske, heiter det i brevet, der det blir bede om påmelding.
Tilsynsordninga vil vera i stand frå måndag, dersom det er behov for det.
Funksjonar som definerast som samfunnskritiske er
– Styring og kriseleiing
– Forsvar
– Lov og orden
– Helse og omsorg
– Redningsteneste
– IKT-sikkerheit i sivil sektor
– Natur og miljø
– Forsyningssikkerheit
– Vatn og avløp
– Finansielle tenester
– Kraftforsyning
– Elektroniske kommunikasjonstenester
– Transport
– Satellittbaserte tenester
– Apotek
Torsdag 12. mars stengte alle barnehagane i Noreg for å hindre ytterlegare spreiing av Koronaviruset.
– Me er alle invitert til å gjera vårt for å ta vare på dei mest sårbare i samfunnet. Større samlingar av vaksne og/eller barn skal vi gjere vårt beste for å unngå. Besteforeldre skal me også unngå å nytte som barnevakt i denne perioden. Det er ingen tvil om at dette vil bli ein svært krevjande situasjon for mange, heiter det i skrivet.