Statsministeren til dei som er på hytta: Reis heim!
På laurdagens pressekonferanse kom statsminister Erna Solberg med ei klar oppmoding til dei som har reist på hytta i strid med råda om å halde seg heime:
– Reis heim!
Artikkelen held fram under annonsen.
– Trass i råda som er gjeve om å ikkje reise på hytta, så er det ein del som gjer det. Dei som reiser på hytta nå, gjer det vanskeleg for kommunane. Eg oppmodar alle på hytter om å reise heim, sa statsministeren.
Ho varsla at det kan bli nødvendig å bruke sivilforsvaret.