Velkrydra revysuppe gjekk rett ned
Gjengen i Haukelirevyen kunne innkassere nok ein suksess då dei inviterte til première på den heimkoka revysuppa «Rett i dass».
For publikum syntes tydelegvis ikkje at revyen hadde noko som helst på ein do å gjera. Heller ikkje på den etter kvart så berømte vegdoen i Haukeli. Tvert i mot kvitterte dei med lattersalver og applausar gjennom heile revyen.
Lokale typar og kjendisbesøk
Haukelirevyen hadde 30 innslag på programmet, og publikum fekk presentert ungkarens hyllest til Fjordlandsmiddag, prøvesmaking av nye produkt frå ysteriet med ein særs engasjert prøvesmakar, prøvebustaden i Øyfjell fekk sin dom av ein heller skeptisk lokal snikkar, og Haddevår frå Mogane fortalte noko oppskaka om flyturen til Junaiten, og mykje, mykje meir.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det tok to timar å koma gjennom programmet. Og både lokale kjenningar og meir kjente personlegdomar som kronprinsparet og kjendisstylisten Jan Thomas måtte finne seg i å bli parodiert. Mange av typane som stod fram på scena, slik som anleggsarbeidaren og trailerkona, hadde òg ein meir generell karakter som gjorde at publikum utanfrå Haukeli også kunne kjenne att mange av typane.
Det kjem jo publikum frå både heile Vinje og andre kommunar, og me må ha noko for dei også, seier revysjef Tommy Lindskog.
Doen som ingen ville tømme
Saka der pensjonistlaget i Haukeli sette opp eit vegtoalett ved E 134, men som ingen ville ta på seg å tømme, vekte stort engasjement i bygda i fjor sommar. Det var noko av bakgrunnen for at utedoen hadde ein sentral plass på scena, og fungerte både som sceneinngang og som ein lokal møteplass for mange av karaktertypane. Her var særleg miljødiskusjonen mellom Gøril R. Håve og Marie Kili eit knallnummer som fekk publikum i lattermodus.
Erfaren revygjeng
Det er tredje året gjengen med revyentusiastar arrangerer Haukelirevyen. Revygruppa talde 31 personar i år, som kjem frå Haukeli, Edland, Arabygdi, Vågslid og Grungedal. Det var tydeleg ein erfaren gjeng som stod bak, og dei leverte god kvalitet gjennom heile framsyninga, både når det galdt tekst, musikk, kostymer og regi. Og med 800 selde billettar og tri utselde framsyningar på Edland samfunnshus, vil nok publikum setje pris på ny revy neste år òg.