Julie Noraberg Nilsen frå Seljord blei nummer fem på NM for yngre denne helga.
Julie Noraberg Nilsen frå Seljord blei nummer fem på NM for yngre denne helga.

Kort veg fram til pallen i ungdoms-NM

Lillestrøm: Julie Noraberg Nilsen (15) blei nummer fem i kule under UM (NM for yngre) på Lillestrøm denne helga. Seljord-jenta er den første lokale utøvaren på fleire år som har klart å kvalifisera seg for eit nasjonalt meisterskap i friidrett.

– Eg er nøgd. Det var kort veg fram til sigerspallen, opsummerar Nilsen som innrømmer at ho var litt nervøs før start.

Ho støytte 10,12. Bronsen gjekk på 10,34. Sølvet på rundt 11 meter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har 10,61 som personleg rekord. På trening har eg støytt 10,87, seier ho.

Dette var hennar første nasjonale meisterskap.

– Prestasjonen var bra, men ikkje hundre prosent, seier Seljord-jenta som innrømmer at det hadde vore kjekkare på turen heim om ho hadde hatt medalje i kofferten.

Julie var ikkje med på UM innandørs i vinter.

– Det blir vurdert seinvinteren 2016. Meisterskapen går då i Trondheim. Det er ei lang og krevjande reise, understrekar ho.

Vanskelege forhold

Heime på Seljord manglar Nilsen både skikkeleg anlegg og treningsmiljø.

– Neste haust vil eg søke skule i Lunde. Det blir neppe aktuelt å flytte, seier Nilsen som innrømmer at for kulekarrieren ville det kanskje vore ein fordel å prøve noko nytt.

Seljord-jenta har vore med på åtte stemne i sommar. Med eit unntak har ho vore på pallen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har hatt ein veldig bra sesong. Ingen tvil om det, understrekar ho.

Eit stykke fram

Gullet gjekk på godt over 11 meter.

– På det nivået er ikkje eg i dag. Eg har vore stabil rundt 10,50, så noko lengre enn 10,12 hadde eg håpa å støyte her i dag, seier ho.

Julie Noraberg Nilsen kastar og litt diskos. Ho trenar friidrett to gonger i veka.

 – Det er kule som har klar førsteprioritet, seier ho.

– Far dreiv litt med springing då han var ung. Det var han som ville at eg skulle begynne på friidrett. Litt slump har det vore, seier Julie om i fjor framheva seg som ein veldig fysisk kastar. I år har ho gjort store framsteg teknisk.

 – Men framleis er det mykje å rette på, avsluttar ho.