Folkemengda på Nissedalsmarken får stå som ein illustrasjon på at dei i Nissedal har blitt 111 innbyggjarar fleire på ti år.
Folkemengda på Nissedalsmarken får stå som ein illustrasjon på at dei i Nissedal har blitt 111 innbyggjarar fleire på ti år.

Dei minste kommunane har fått fleire innbyggjarar, men alt i alt har me blitt 60 færre

Ved årsskiftet var det 14 110 innbyggjarar totalt i dei seks kommunane i Vest-Telemark.

Dei ferske folketala blei presenterte av Statistisk sentralbyrå fredag. Tala viser ein samla nedgang i Vest-Telemark på 60 sidan teljinga for eitt år sidan. I løpet av dei siste ti åra har folketalet blitt redusert med 137 personar.

Dei minste kommunane kan registrere ein auke i innbyggjartalet. Størst er auken i Nissedal som i løpet av 2017 blei 13 personar fleire. Også i Fyresdal og Tokke auka innbyggjartalet i fjor. Men dei tre største; Vinje (-17), Seljord (-20) og Kviteseid (-45) har totalt mista 82 innbyggjarar i løpet av året.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om ein ser på dei siste ti åra har det i Kviteseid kommune blitt 166 innbyggjarar færre. I Tokke har det blitt 130 færre.

Nissedal kan gle seg over at dei har blitt 111 personar fleire på dei ti åra. Det er ein auke på 8,1 prosent. Totalt bur det 1489 innbyggjarar i kommunen. 

– Det er fantastisk. Ein slik stabil trend er den største motivasjonen ein kan ha for å drive stadutvikling, seier ordførar Halvor Homme (Ap).

Han meiner kommunen må ha eit klart mål om å passere 1500 innbyggjarar.

For ti år sidan budde det tre innbyggjarar meir i Nissedal enn i Fyresdal. No er skilnaden 169 i favør Nissedal.

Ved utgangen av 2017 budde det 14 110 innbyggjarar i Vest-Telemark.

Bø kommune er folketalsvinnaren i fylket, både om ein ser eitt år tilbake i tid og ti år tilbake. Totalt har det blitt meir enn 1000 nye bøheringar sidan 2008 – det er ein auke på heile 18,8 prosent.

Folketalet i Noreg voks med 37 300 i 2017 og er no på 5 295 600 personar. Veksten er den svakaste sidan 2005. Talet på utanlandske statsborgarar voks med 8500 i fjor, mot 21 000 året før.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les meir om folketalet i tysdagsavisa.

                    1.1. 2008        1.1. 2017         1.1. 2018         +/- siste år       +/- siste ti år

Vinje               3635                3726                3709                -17                  74

Seljord            2930                2979               2959                -20                  29

Kviteseid         2563                2442               2397                -45                  -166

Tokke              2366                2228               2236                  8                   -130

Nissedal          1378                1476               1489                 13                   111

Fyresdal          1375                1319               1320                  1                   -55

Artikkelen held fram under annonsen.

Totalt               14247              14170             14110              -60                 -137

Kjelde: Statistisk sentralbyrå