Tore Karlsen set pris på at han har fått tilskot på totalt 50 000 kroner fordelt på bakeriet og kafeen.
Tore Karlsen set pris på at han har fått tilskot på totalt 50 000 kroner fordelt på bakeriet og kafeen.

50 000 kroner til bakeri og kafé

Nissedal formannskap har gjeve tilskot på 50 000 kroner likt fordelt på bakeri og kafé i Treungen.

I samband med at Tore Karlsen har starta bakeri i Treungen har han søkt kommunen om etableringsstøtte. Han skal også investere i serveringslokale i etasjen over bakeriet. Samla er investeringane for dei to etableringane på rundt ein halv million kroner.

Bakeriet har fire fast tilsette, og ekstrahjelp i høgsesongane. Tore Karlsen opplyser til VTB at bakeriet hadde eit veldig godt sal i sommar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Verksemdeigaren søkte ikkje kommunen om ein oppgjeven sum. Rådmannen tilrådde politikarane å gje eit tilskot på 25 000 kroner.

Plussa på

– Dette er viktige arbeidsplassar, og bedrifta er viktig for utvikling av Treungen sentrum, sa ordførar Halvor Homme (Ap) i formannskapet.

Anne-Nora Oma Dahle (Sp) minna om at reiselivskommunen treng mangfald i sentrum.

Etter ein diskusjon blei politikarane samde om å løyve 25 000 kroner til bakeriet, og at ein samstundes også gjev 25 000 kroner til etablering av kafé. Tilskot blir utbetalt etter dokumenterte utgifter ved rekneskap eller kvitteringar.