Nissedal kommunestyre opnar ikkje for at også barn under eitt år skal kunne bruke barnehagetilbodet i kommunen. For tida står eittåringar på venteliste ved fleire av barnehagane, som her i Treungen.
Nissedal kommunestyre opnar ikkje for at også barn under eitt år skal kunne bruke barnehagetilbodet i kommunen. For tida står eittåringar på venteliste ved fleire av barnehagane, som her i Treungen.

Står på eittårsgrensa for barnehageplass

Politikarane i Nissedal opnar ikkje for at barn under eitt år kan nytte barnehagane. Dagens utfordring i kommunen er å klare å ta imot alle frå fylte eitt år som ynsker tilbodet.

Kommunestyret i Nissedal har bede rådmannen lage ei sak om å tilpasse nedre aldersgrense for opptak i barnehagane til å vere i samsvar med reglane for foreldrepermisjon. Om barnet er rundt 10 månader når permisjonen er over, kan det skape utfordringar med å kome seg tilbake på jobb, då kommunen krev at barnet skal ha fylt eitt år før oppstart i barnehage.

«Eg synest heller me som politikarar skal ta tak i utfordringar s om at ein faktisk har måtta sagt nei til eittåringar som har søkt barnehageplass.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Marianne Bråten Odden

Ei utfordring kommunen har i dag, etter at heile 25 barn blei født i Nissedal i fjor (talet for i år er venta å bli under halvparten), er å vidareføre opptaksordninga om at barn kan få barnehageplass frå fylte eitt år. Det let seg ikkje gjere i år. Ventelista er nå tre små i Kyrkjebygda, éin i Haugsjåsund og to i Treungen (gjeld avdelinga for dei minste barna der det er plass til 18).

Grundigare gjennomgang

Rådmannen føreslo nyleg til kommunestyret at ein står fast ved at barnet skal ha fylt eitt år før det tek til i barnehagen.

Marianne Bråten Odden (Sp) innleia saka politisk ved å slå fast at alle tilsette i barnehagane i Nissedal er rågode på å gje omsorg, men at det er noko med moglegheita for å gje dette for dei aller minste.

– Eg synest heller me som politikarar skal ta tak i utfordringar som at ein faktisk har måtta sagt nei til eittåringar som har søkt barnehageplass, sa Odden om noko å sjå på før ein opnar for babyar.

Kristine Sandall (H) ynskte grundigare gjennomgang av kva tilbod ein kan gje barn under eitt år og korleis situasjonen er i dei fire barnehagane i kommunen, før ho hadde lyst til å konkludere om ein skal utvide tilbodet ved å ta imot barn under eitt år.

– Kva konkret må til av tilpassing og tilrettelegging? Er utfordringane dei same i alle barnehagane? Og ikkje minst – kva vil dei økonomiske konsekvensane vere? Det synest eg ikkje kjem godt nok fram i saka, sa Sandall, og bad om utsetting og utgreiing av ny sak.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Kva vil dei økonomiske konsekvensane vere? Det synest eg ikkje kjem godt nok fram i saka.»

Kristine Sandall

Heile tida ha kapasitet

Geir Christian Enger (KrF) sa at ved utsetting av saka og ny utgreiing bør ein også ha med eit punkt der ein ser på den totale tilbodssituasjonen for alle barn i barnehagane, sidan ein veit det står barn på venteliste. Ordførar Halvor Homme (Ap) svara med at her må ein skilje sakene, og at det Enger kom med er eit større bilde som høyrer heime i ein annan diskusjon.

Etter gruppemøte på utsettingsforslaget til Sandall, fekk ho bare fem røyster og debatten kunne fortsette.

Runa Vee Tveit (Ap) syntest innlegget til Odden var veldig godt.

– Me ynskjer heller å sjå på det med rullerande opptak – heile tida ha kapasitet i løpet av året slik at det ikkje kjem situasjonar der barn må vente til dei er 1,5-2 år før dei kjem inn i barnehagen. Håpar me kan sjå på dette i løpet av hausten, sa ho.

– Me som må løyse problemet

Artikkelen held fram under annonsen.

Ian Parry-Jones (Sp) kom med eit endringsforslag om at «ved grunngjeve søknad og ledig kapasitet i den aktuelle barnehagen kan det bli tilbydd plass ved fylte 10 månader. Endringar i nedre aldersgrense skal ikkje forringe kvalitativt tilbod.»

Partifelle Anne-Nora Oma Dahle undra på kva ein gjer når det ikkje er ledig kapasitet til å ta imot barn som har fylt eitt år.

– Kapasitet er nøkkelen. Når ein ikkje kan ha fortløpande opptak er det me som som må løyse det problemet. Det ser eg ikkje at me gjer i denne saka. Det hastar, sa Dahle.

Ordføraren sa det bør vere eit mål å sikre alle barnehageplass frå dei fyller eitt år, men at ein heller nå måtte seg om dagens sak på møtekartet.

Røystinga viste at forslaget til Parry-Jones fekk fem røyster, og dermed blei det slik rådmannen tilrådde; ein tek ikkje inn barn under eitt år.

 

Få foreldre det gjeld

I saksutgreiinga kjem det fram at totalt 18 eittåringar har fått plass i barnehagen frå august i år. Barna er fordelt slik: Treungen (8), Kyrkjebygda (3), Haugsjåsund (4) og Felle (3). Det er berre Treungen som har eiga avdeling for dei minste barna.

Einingsleiar for barnehagane og sakshandsamar, Gro Turid Midtsund, opplyser at barnehagane opplever utfordring i å møte behova til dei aller minste i ein travel kvardag.

«Skal kommunen senke alderen til barnet endå lengre ned når det tek til i barnehagen, må barnehagane leggast til rette for dette på ein annan måte enn i dag. Det vil krevje fleire vaksne, og betre tilrettelegging for mindre barnegrupper. Lokala i dei ulike barnehagane er ikkje tilpassa dette i dag, skriv ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

I saka blir det elles nemnt at rådmannen ser at reglane for foreldrepermisjon ikkje alltid er i samsvar med behovet den enkelte familie har.

«Etter det ein kjenner til er det få foreldre dette gjeld i Nissedal kommune pr. i dag.»

Til slutt i utgreiinga står det at «skal ein senke kravet på alder til barnet når det tek til i barnehagen, bør ein ha ein god og konstruktiv gjennomgang av kva tilbod ein ynskjer for dei aller minste barna her i kommunen.»