Ynskjer tre felles kommunale kontor
Ordførarane og rådmennene i Nissedal, Kviteseid og Fyresdal tilrår eit historisk samarbeid – både felles landbrukskontor, plankontor og rekneskapskontor.
Nyleg møttest ordførarane og rådmennene i halvparten av kommunane i Vest-Telemark for å vurdere om Fyresdal skal inn i det interkommunale samarbeidet mellom Nissedal og Kviteseid. Vidare om trioen kan samarbeide på andre aktuelle område.
– Det var eit særdeles godt møte og ein veldig samkøyrd tankegang blant kommunane. Me tre kommunane på administrativt og politisk leiarnivå er einige om ulike samarbeidsområde, og dette kjem som ei felles innstilling til kommunestyra etter sommarferien. Og me må starte den formelle prosessen med tillitsvalde og verneomboda, seier Nissedal-ordførar Halvor Homme.
Artikkelen held fram under annonsen.
Flytte på seg
Nissedal og Kviteseid har i årevis hatt eit interkommunalt samarbeid. Oppgåvene innan plan, oppmåling og byggjesaker blir gjort ut frå eit kontor på kommunehuset i Treungen, medan eit felles landbrukskontor er i Kviteseid. Nå er forslaget at Fyresdal sitt plankontor og landbrukskontor skal flyttast til kontor i nabokommunane.
– Samlokaliseringa som Nissedal og Kviteseid har, ser me at har hatt ein veldig positivt effekt. Me har eitt av landets beste plankontor. Fyresdal vil oppleve å få gode tenester der, og kompetansen som Fyresdal bringer inn i samarbeidet vil vere veldig verdifull, seier Homme.
I dag tek Nissedal seg av eit samarbeid med Kviteseid innan løn, medan sistnemnde har skatt. Båe desse områda blir nå tilrådd lagt til kommunehuset i Fyresdal, og at kommunetrioen også legg rekneskap til det kontoret.
– Økonomisjefane blir verande der dei er nå. Dei som jobbar med skatt og løn i dagens samarbeid skal vere på kontor i Fyresdal, seier Homme.
Han legg til dette om at nokon tilsette må jobbe annan stad:
– Ein føresetnad for å lykkast med samarbeidet er å styrke fagmiljøet – det inneber samlokalisering. Men det kan bli ein overgangsperiode der enkelte tilsette blir der dei er nå, seier Homme.
Ikkje oppseiingar
Ordføraren peikar på noko viktig med forslaga om interkommunalt samarbeid.
– Ingen vil bli sagt opp. Hovudintensjonen er ikkje å spare pengar, men å få til dei beste tenestene me kan for innbyggjarane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kan det kome forslag om endå meir interkommunalt samarbeid mellom dei tre kommunane?
– Får me til forslaga våre på ein god måte, er det grobotn for nye forpliktande samarbeid oss imellom, svarar Homme.
– Kan du nemne døme?
– Nei, det er for tidleg å nemne nå. Og me må ivareta interessene til arbeidstakarane, svarar Homme, og legg til at tilsette i dei tre kommunane er orienterte om dei ferske samarbeidsforslaga.
– Er det aktuelt å ha med andre kommunar i det ynskte samarbeidet?
– Det kan det sjølvsagt vere, men prosessen hittil har ikkje tyda på at andre kommunar er viljuge til å diskutere dette. Men me stengjer ikkje døra for nokon, avsluttar ordføraren i Nissedal.