I fjor vår møtte VTB Anne Marie Smeland og Arne Kleppe då dei fekk ein prøvetur i sykkelvogna til sjåfør Robert Hesmyr utanfor Heddeli. Nå håpar Frivilligsentralen at sjåførane melder seg til årets sesong.
I fjor vår møtte VTB Anne Marie Smeland og Arne Kleppe då dei fekk ein prøvetur i sykkelvogna til sjåfør Robert Hesmyr utanfor Heddeli. Nå håpar Frivilligsentralen at sjåførane melder seg til årets sesong.

Ein liten time for å glede andre

To vårpussa el-syklar med tre hjul står klare i kjellaren til Frivilligsentralen i Seljord, klare for å gje passasjerar vind i håret og høve til å trekkje inn vårlufta. Men kvar er sjåførane?

Fyrste veka etter påske ynskjer dagleg leiar ved Frivilligsentralen i Seljord, Anne Marie Smeland, å starte årets sykkelsesong. Men for at dette skal kome i gang treng ho friviljuge som kan trø el-syklane med plass til gjester i korga som ynskjer seg ein liten luftetur og kjenne litt vårvind i håret.

– Det treng ikkje vere så lange turen. Ein tur frå Brøløs til Dyrskuplassen treng ikkje ta meir enn ein halvtime av tida til folk. Då er truleg både syklist og passasjer like nøgd, seier Smeland som håpar ho kan samle ei gruppe som vil vere med å sykle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho minner om at syklane ikkje er vanskeleg å manøvrere.

– Ein treng ikkje vere mosjonist for å delta, så ver så snill og ta kontakt om du kan avsjå litt tid for å glede andre, seier Smeland på Frivilligsentralen.