Nok ein countrysuksess i Seljord
Gjestene har rulla saman soveposen og pakka bort cowboybootsa. Mengder med musikkanlegg er slått av og eit titals artistar har pakka gitaren og reist heim. Den 19. Countryfestivalen i Seljord er over, og arrangørane kan nok ein gong smile nøgd.
I dag er det ei anna ro over seljordsbygda enn det har vore dei siste dagane, og dagleg leiar Egil Moen og resten av Countryfestivalarrangørane kan nok ein gong puste letta ut etter intense dagar på Dyrskuplassen. I løpet av den siste veka har dei tatt imot om lag 25 ulike artistar og 30 000 besøkande til Seljord.
Det har blitt dansa både på line og i par, raskt og meir av det romantiske slaget, artistar har stått på scenen og møtt trufaste fans, og mange gjester har nok oppdaga nye favorittar.
Artikkelen held fram under annonsen.
På årets festivalen blei det også høve til å nyte synet av gamle bilglis, eit enormt oppmøte av lastebilar, og fredag skapte motocrosskøyraren Andre Villa og dei tre utøvarane han hadde med seg eit spektakulært show med hopp og stunt på to hjul.
Trufaste gjester
Alt på onsdag var oppmøtet av festivalsvoltne gjester stort, mange av dei trufaste gjester som vender tilbake til festivalbygda år etter år. Frå onsdag til torsdag auka mellom anna talet på campingvogner frå to til tretusen.
Det var godt oppmøte på alle konsertar som blei spela, frå fyrste band gjekk på scenen onsdag til Vassendgutane takka for seg inn i sundagsnatta. Og stemninga ute på dei ulike delane av campingområdet var det heller ikkje noko å seie på.
Stappfullt
Årets store musikalske trekkplaster på Countryfestivalen kom til Seljord fredag og leverte, slik alle venta. Det var til tider ellevill stemning då amerikanaren Brad Paisley serverte krevjande gitarriff og stødig vokal. Arrangørane meldte at det var om lag 11 000 menneske inne på festivalområdet under denne konserten, og fremst ved scenen sa fleire av festivalgjestene at det til tider litt for tett og mykje press, slik at fleire av dei lét den store stjerna vere stjerne og heller tok beina fatt ut av Fjoset og inn på kaféscenen der Jon Solberg og Ni liv også skapte skikkeleg countrystemning. Mykje folk, men i ein litt annan skala.
Då Paisley avslutta siste låt blei publikum att inne på Fjoset og gav Byting det vokalist Thomas Hellekås omtalar på Facebook som ei stor oppleving.
«Det har vore ei knakans god helg, og ein draum har gjenge i oppfyllelse – me har spela på hovudscena til Countryfestivalen. Vilt altså. Det var så moro – og der var det mange folk. Me var ikkje store då gitt, men det var stort», takka Hellekås på Facebook-sida til bandet.
Folksamt var det også laurdagskvelden då Staut og Vassendgutane fekk gleda av å avslutte den musikalske festen.
Variert vêr
Frå onsdag til sundag fekk festivalgjestene oppleve både strålande solskin og kjølige regnbyger, og torsdag blei det verkeleg våtare enn mange hadde ynskt seg. Men regnveret stoppa ikkje dei vel 5 000 gjestene som var inne på området frå å danse, synge og kose seg denne dagen heller.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me kan seie at årets festival har vore ein stor suksess med eit variert sommarvêr. Publikum har fått oppleve eit mangfald av gode og varierte artistar, stemninga på campingen nådde nye høgder med nesten 3 700 campingeiningar – og me kan oppsummere med om lag 30 000 besøkande – noko me er svært fornøgde med, seier dagleg leiar, Egil H. Moen, som ser fram til ny festival neste sommar.