Kommunale kroner til flaumvoll
Idrettslaget i Seljord vil flaumsikre den nye kunstgrasbanen på Eventyrøy og har søkt kommunen om å dekke arbeidet. – Idrettslaget gjer ein kjempejobb, det er fornuftig at me kostar flaumvollen, seier ordførar Halfdan Haugan.
Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet kom i førre formannskapsmøte med framlegg om at Seljord kommune løyver 54 000 kroner til flaumvoll langs Vallaråi. Framlegget blei vedteke mot ei røyst frå Miljøpartiet dei grøne som støtta rådmannens framlegg om å ikkje imøtekome søknaden frå Seljord idrettslag.
Idrettslaget har søkt Seljord kommune om stønad for å sikre den nye kunstgrasbanen dei byggjer på Eventyrøy mot flaumvatn frå Vallaråi. Idrettslaget viser til at tiltak med flaumvoll er viktig for å sikre at toppdekket ikkje skal flyte bort dersom det kjem rennande vatn på banen frå ein eventuell flaum.
Artikkelen held fram under annonsen.
Søkjaren grunngjev også ynsket om kommunal stønad utifrå kommunens tidlegare vedtak om stønad til endring av toppdekket frå gummigranulat til korkgranulat. Kork vil flyte lettare enn gummi, skriv søkjaren.
På synfaring
Før formannskapet handsama saka var dei på synfaring for å sjå på arbeidet med den nye kunstgrasbanen på Eventyrøy.
Idrettslaget ynskjer å sikre idrettsanlegget, og det er ei fornuftig løysing for heile området, seier ordførar i Seljord, Halfdan Haugan (Ap).
Han rosar idrettslaget.
– Dei gjer ein kjempejobb med å ruste opp heile området. Når fleirtalet i formannskapet var positive til å gje idrettslaget støtte, trur eg kommunestyret er det også. Flaumvollen er eit godt tiltak og idrettslaget legg ned mykje pengar og dugnadsinnsats. Difor er det fornuftig at kommunen gjev tilskotet, seier Haugan.
Kostar 54 000
Lengda på flaumvollen er estimert til om lag 100 meter langs åi, og idrettslaget har fått prisoverslag på bygging av ein voll som vil koste 54 000 kroner.
I saksutgreiinga skriv rådmannen at han ikkje ser at ei endring av toppdekke frå gummigranulat til kork skal utløyse eit behov for flaumvoll som kommunen skal betale.
– Dersom det er naudsynt med flaumførebygging for å hindre at vassmengder flyt innover banen, vil gummigranulat utgjere ein mykje større risiko for miljøforureining ved flaum enn det korkgranulat representerer, skriv rådmannen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kommunen har ikkje økonomisk ansvar
– Det er utbyggar og tiltakshavar som er ansvarleg for sikring av byggegrunn når ein etablerer nye tiltak. Vidare er det i dette tilfellet Seljord idrettslag som er ansvarlege for forureining ved flaum dersom dei kunne hindre dette ved å sikre anlegget betre. Toppdekket på banen er lagt til kotehøgde 119,5 meter. I Seljord sentrum har ein sett sikker byggehøgde for flaumstand i Seljordsvatnet til kotehøgde 120. Klimaendringane tilseier hyppigare og større flaumar for vår del av landet, så ein flaumvoll på 0,6 meter kan vere fornuftig for å sikre anlegget mot 200-årsflaum. Seljord kommune har derimot ikkje eit økonomisk ansvar i sikringsarbeidet. Dersom idrettslaget ynskjer å flaumsikre anlegget sitt, må dei dekke kostnadane for flaumsikring sjølve, på lik line med andre som skal bygge i kommunen, skriv rådmannen i saksutgreiinga og rådde politikarane til å ikkje godkjenne søknaden.
Saka skal vidare til kommunestyret for endeleg vedtak 22. juni.