Ordførarane Saamund Gjersund i Fyresdal, Olav S. Urbø i Tokke, Torstein Tveito i Kviteseid og regionordførar Arne Vinje nytta ei pause på Gautefall til å drøfte usemja om trase for E 134.
Ordførarane Saamund Gjersund i Fyresdal, Olav S. Urbø i Tokke, Torstein Tveito i Kviteseid og regionordførar Arne Vinje nytta ei pause på Gautefall til å drøfte usemja om trase for E 134.

– Uheldig at det ikkje er reell semje om E 134

Regionordførar Arne Vinje i Vest-Telemark seier det er uheldig at det ikkje er reell semje i Telemark om traseval og utbygging av E 134. Framleis har ein formell semje tufta på Morgedal-forliket i 2000, men det hjelper ikkje når det kjem krav om nye vegutgreiingar, meiner Vinje.

– At me nok ein gong syner omverda at det er håplaust om å bli samde om vegutbygginga i Telemark, og då særleg E 134, er som musikk i øyro til dei som ynskjer riksveg 7 over Hardangervidda og Hallingdal som framtidig hovudvegsamband mellom aust og vest, sa ordførar John Kleivstaul i Seljord då kravet om nye utgreiingar blei drøfta på eit møte mellom fylkeskommunen og Vest-Telemarkrådet på Gautefall tysdag.

Seljordordføraren nemnte at alternativet om å leggje E 134 om Bø blei utgreia og gravlagd i 1974. Han oppmoda fylkespolitikarane til å stå fast på Morgedal-forliket og ikkje opne for nye utgreiingar og diskusjonar om traseval. Ekspressvegen meinte Kleivstaul låg 30 til 50 år fram i tid. No vil han ha bygt tunnelen Århus-Gvammen og få på plass nye tunnelar over Haukelifjell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar Saamund Gjersund i Fyresdal såg ikkje den store redsla for å kome i møte dei kreftene i Midt-Telemark som ynskjer nye utgreiingar. Dersom ein er så trygg på at det alternativet som ligg føre for utbygging av E 134 i Telemark er det beste, meinte Gjersund at nye utgreiingar ikkje veltar prosjektet. Men han la til at det sjølvsagt også er eit spørsmål om pris på utgreiingane og at arbeidet ikkje fører til forseinkingar.

Standpunkta ligg fast

Fylkesordførar Gunn Marit Helgesen sa at fylkestinget og BTV-rådet ser på dagens E 134-trase nord for Lifjell og ny tunnel Århus-Gvammen som eit vegprosjekt som ligg fast.

– Eg er noko usikker på klokskapen i å seie nei til ei utgreiing av trasevalet for E 134 gjennom Telemark. Men i fylkeskommunen er det framleis forliket frå Morgedal om vegsatsinga som gjeld. Eg kan ikkje vere med på utgreiingar som gjer at Telemark tapar tempo i høve til Nasjonal transportplan (NTP), sa fylkesordføraren, og peikte på at semje er naudsynt for å få Stortinget til å løyve pengar til dei viktige vegane i Telemark.

Veljargaranti

Tidlegare kviteseiding Jørund Ruud,som er Arbeidarpartiet sin opposisjonsleiar i fylkespolitikken, gjorde det klart at Telemark Arbeidarparti i denne valperioden står fast på vegforliket i Morgedal. Partiet gjekk til val på denne lovnaden, og Ruud såg på det som ein kontrakt med veljarane dei ikkje kan bryte.

– Eg meiner det kan diskuterast klokskapen med å opne for utgreiing av andre trasear for E 134, sa Ruud, og vedgjekk at det var ulike oppfatningar om denne saka i fylkestingsgruppa til Arbeidarpartiet.

Vegforliket

Forliket om vegsatsinga i Telemark, som kom i stand i Morgedal i 2000, skapte semje om at E 134 skal fylgje dagens trase med ny tunnel Århus-Gvammen. I samband med forliket fekk ein gjennomslag for at riksveg 36 frå Porsgrunn til Seljord skulle vere klassifisert som stamveg og bli utbetra. Likeeins skulle riksveg 360 frå Notodden til Gvarv og riksveg 41 – Telemarksvegen – frå Kviteseid til Kristiansand vere prioriterte vegar for utbygging.