Semje ein føresetnad for E 134-utbygging
Heile Telemark må stå samla bak utbygginga av E 134 og riksveg 36 om det skal vere von om at Stortinget løyver pengar til vegutbygginga dei næraste åra. Det kom fram på vegmøtet i Bø tysdag der ti politiske parti møtte fram.
Det krevst steinhard jobbing i tida som kjem for å få realisert nye tunnelar på E 134, slik at ein kjem utanom bakkane opp og ned til Røldal. Me vil presse på for at alt er klart innan 2015. Tunnelen Århus-Gvammen, som er inne i Nasjonal Transportplan med 300 millionar kroner, må bli bygt innan få år, sa Bø-ordførar Arne Storhaug, som er styreleiar i Haukelivegen A/S.
I innleiinga peikte han på at utbygginga av riksveg 36 frå Seljord til Grenland og riksveg 360 mellom Notodden og Gvarv også må komme i gang innan nokre får år. Det blir ei stor oppgåve å få prosjekta inn i nasjonal transportplan alt i 2007, slik at ein får midlar til prosjektering.
Artikkelen held fram under annonsen.
15 av 18 kommunar pluss fylkeskommunen seier ja til bompengefinansiering. Det er heilt turvande med eigenfinansiering om me skal få heve vegstandarden mellom aust og vest og internt i Telemark. Utan bompengar er eg redd me må vente i 30 år. No må det gjerast eit krafttak, og me må tenkje heilskap. Tida er forbi då me tenke berre på ein vegstubb og ein sving, meinte Storhaug som hevda at bygginga av Hardangerbrua kan gjere det vanskelegare å få Stortinget med på vegprosjektet E 134 og riksveg 36.
Krav til vegvesen og storting
Fylkesvaraordførar Lars Bjådal la fram ei liste i fire punkt med krav til vegvesen og storting frå Telemark når det gjeld vegar. Fyrste punkt gjeld at 4,2 meter som gjennomgåande høgde i tunnelane over Haukelifjell må vere ferdig i 2006. Vidare at nye tunnelar over fjellet må vere finansierte og ferdig bygt innan 2015, og at konkret planlegging av etappevis utbygging av riksveg 36 kjem i gang straks. Tunnelen Århus-Gvammen må sikrast statleg fullfinansiering, og arbeidet starte opp i komande stortingsperiode.
Dei ti politikarane blei utfordra av fylkesvaraordføraren til å gje sitt syn på desse fire punkta. I ordskifte var det full semje blant politikarane at trongen for betre hovudvegar i Telemark og mellom aust og vest er påtrengande. Alle ville arbeide for at Telemark no kjem i posisjon til at styresmaktene tar eit krafttak. Usemja gjekk på finansiering. Dei fleste partia peikte på at bompengar må til om det skal bli betre vegar. Berre Framstegspartiet held fast på at staten kan betale heile utbygginga i ei tid då oljepengane strøymer på.
Venstre sin fyrstekandidat, Kjell Stundal, hevda i ordskiftet at tunnelen Århus-Gvammen er eit dårleg prosjekt som ikkje bør bli realisert. Stundal tok opp igjen framlegget sitt om at E 134 bør gå frå Notodden til Bø og vidare til Seljord.
Han blei aleine om dette synet. Dei andre politikarane åtvara mot endring av den traseen for E 134 gjennom Telemark som det har vore semje om.
Semje ein føresetnad
Både Sigvald Oppebøen Hansen (Ap) og Kari Lise Holmberg (H) poengterte at semje i Telemark er ein føresetnad for at vegutbygginga av stamvegane i fylket skal få gjennomslag i Stortinget. Dei to stortingspolitikarane la ikkje skjul på at årsaka til at Telemark har hamna i bakevja når det gjeld vegar, i stor grad skuldast at ein mest aldri maktar å bli samde i nokon saker.
Eg ottast at utan ein samla strategi som me alle støttar, vil me køyre på dei same vegane også om 20 år. Hordaland er eit døme til etterfølging. Dei står samla og får no byggje bru over Hardangerfjorden til to milliardar kroner som dei finansierer sjølv, sa Torunn Hovde Kaasa, Senterpartiet sin toppkandidat.
Hardangerbrua
SV vil stoppe regjeringa si avgjerd om å gje grønt ljos for Hardangerbrua. Henriette Westhrin hevda i ordskiftet at brua vil gjere at mykje av trafikken aust-vest kjem til å gå over riksveg 7. Vidare trudde ho at brua ville utløyse krav om betre vegar i kvar ende av brua.
Artikkelen held fram under annonsen.
Frå salen greip tidlegere Vinje-ordførar Børre Rønningen ordet. Han oppmoda også til kamp mot realisering av Hardangerbrua, men fekk ikkje særleg støtte for det synet hjå politikarane i panelet.
Tvert i mot meinte dei tonegjevande politikarane at det er feil strategi om Telemark blander seg inn og prøver å øydeleggje suksess på vegfronten i andre fylke.
Det er håplaust om me i Telemark skal til å kjempe mot andre som lukkast, meinte Kari Lise Holmberg, og Torunn Hovde Kaasa understreka at Telemark må feie for eiga dør og tale med ei røyst for å sikre betre vegar.