Dagleg leiar ved Countryfestivalen, Egil Moen (t.h.) og personalansvarleg Kenneth Solås er klare for å ta imot musikkglade festivalgjester.
Dagleg leiar ved Countryfestivalen, Egil Moen (t.h.) og personalansvarleg Kenneth Solås er klare for å ta imot musikkglade festivalgjester.

Meir enn berre countrymusikk

Eit meir kravstort publikum har ført til at Countryfestivalen har utvikla eit breitt aktivitetstilbod utover den musikalske underhaldninga.

Tysdag kveld trillar dei første gjestene inn på Dyrskuplassen til årets countryfestival – den 17. i rekka. Sjølve festivalen opnar onsdag. Dagleg leiar Egil Moen trur gjestene har ei god oppleving i vente.

– Eg har ei god magekjensle. Årets Seljordfestival var ein av, om ikkje den beste utgåva me nokon gong har arrangert her. Forholda ligg til rette for at me skal klare å gjenta bedrifta med Countryfestivalen. Det er meldt heilt perfekt festivalvêr, opp mot 20 grader og sol. I tillegg har me eit veldig sterkt program med totalt 28 band og artistar som skal spele. Mellom anna kjem Kurt Nilsen, Hellbillies, Craig Morgan frå USA og Doug Seegers, også han frå USA. Så alt ligg til rette for at det skal bli ein suksess, meiner Moen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rævkrok skal gjere festivalopplevinga komplett

Dei seinare åra har Countryfestivalen kome med fleire ulike tilbod til gjestane sine utover det reint musikalske. Mellom anna er det tilbod om «countrycruise» på Telemarkskanalen frå Kviteseid til Lunde, «Right On-treff», som er ei framsyning av diverse køyretøy, og lastebilutstilling, der «Årets lastebil» skal kårast.

– Festivaldeltakarar har blitt meir kravstore med åra. Ikkje bare her, men over heile fjøla. Difor er det viktig at me som arrangørar tenkjer nytt og klarer å gje eit variert tilbod til gjestene våre. Ikkje bare når det kjem til musikken, men også servering, reinhald, camping og andre aktivitetar. Difor har me i år gjort fleire grep for å kunne tilby ei fullverdig festivaloppleving, forklarer Moen.

Eitt av desse grepa dei i år har tatt, er å introdusere ei tevling i ein noko uvanleg sport. Det skal nemleg bli arrangert ein countrymeisterskap i rævkrok.

Nytt av året er Countrymeisterskapen i «rævkrok», ei tevling der utøvarane ligg side om side, og prøvar å få motstandaren til å vippe rundt. Her besigrar Kenneth Solås (t.h.) festivalarbeidar Knut Tore Brubakk. Dagleg leiar Egil Moen er dommar.
Nytt av året er Countrymeisterskapen i «rævkrok», ei tevling der utøvarane ligg side om side, og prøvar å få motstandaren til å vippe rundt. Her besigrar Kenneth Solås (t.h.) festivalarbeidar Knut Tore Brubakk. Dagleg leiar Egil Moen er dommar.

Rævkrok er ei tevling der utøvarane ligg på ryggen, side om side i motsett retning, og prøvar å vippe motstandaren rundt ved hjelp av den eine foten. Moen håpar meisterskapen vil dra mykje folk og vere eit artig innslag for publikum.

– Det er ein del påmeldte alt no, så me trur dette blir bra. På Seljordfestivalen var det ein som påstod at han aldri hadde tapa ein kamp, og han har meldt seg på, så det blir spanande å sjå. Det er ein gjeng som driv med dette på heiltid som kjem og arrangerar, så det er eit proft opplegg. Det starta med at dei var med på Noreg Rundt tidlegare i vår, og etter det har det tatt heilt av. Opp mot 400 stykk har vore og sett på når dei har vore andre stader. Me gledar oss veldig, og trur det kan bli morosamt, humrar Moen.

Studentane er bærebjelken

I løpet av festivalen reknar arrangøren med at om lag 25 000 finn vegen innanfor portane, slik tilfellet har vore dei siste tre åra. Moen trur aggressiv marknadsføring er ein viktig årsak til dette.

– Me har satsa stort på marknadsføring dei siste åra. Det samla marknadsføringsbudsjettet for Country- og Seljordfestivalen ligg på 1,5 millionar. Me har bygd opp ein stor database over gjestene, inkludert kontaktdetaljar, og held gjestene fortløpande oppdatert både via e-post, på Facebook og gjennom andre kanalar. Det er viktig å halde kontakten med gjestene for å sikre at folk kjem tilbake, forklarer han.

Forutan marknadsføringa meiner Moen at også at ein velfungerande logistikk er ein viktig faktor for å trekkje folk til festivalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er eit stort apparat i sving her. I løpet av ein normal dag blir det lagt det ned over 2500 arbeidstimar, nesten halvtanna årsverk. Den største gruppa arbeidarar me har er studentar frå nærområdet som er heime på sommarferie. I år har me tilsett 120 personar som fell under denne kategorien, og me er heilt avhengige av desse for å lukkast. Utan dei hadde me ikkje hatt sjanse til å arrangere festivalar her, og dei er på mange måtar berebjelken vår, avsluttar Moen.