Jan Arvid Setane (t.v.), Jarle Bruun Olsen og Kai Halvor Juva meiner Nissedal kommune må bli med på kjempeutbygginga og den interkommunale satsinga.
Jan Arvid Setane (t.v.), Jarle Bruun Olsen og Kai Halvor Juva meiner Nissedal kommune må bli med på kjempeutbygginga og den interkommunale satsinga.

Vurderer kjempeutbygging

Kommunane Nissedal og Drangedal kan kome til å satse over 100 millionar kroner i eit samarbeid innan vatn, avløp og nytt reinseanlegg.

Ei arbeidsgruppe sett saman av både administrasjonen og politikarar i kommunane Nissedal og Drangedal, tilrår å starte eit interkommunalt utbyggingsprosjekt på over 100 millionar kroner. Det vil mellom anna sikre vasstilføringa til hytterike Gautefallheia, som i framtida blir forsynt frå Nisser.

I tillegg til leidningsnett frå Treungen til Bjorvann på Drangedal-sida av Gautefall, er planen å byggje nytt vassbehandlingsanlegg i Treungen sentrum. Det vil også forsyne innbyggjarane i bygda med vatn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare er tanken å føre opp nytt reinseanlegg ved Haukerhyl sør for Treungen, og leggje ned det omdiskuterte anlegget ved Sommarsletta og tusenårsstaden i Nissedal kommune. I tillegg får kommunen gjennomført lovnaden med å ta seg av avløpet frå to hyttefelt i Heimdal.

Utbyggjarane må på banen

– Noko må gjerast på Gautefallheia. Alternativet er å innføre byggestopp på hytter, og i alle fall planstopp, seier Kai Halvor Juva, einingsleiar for teknisk drift i Nissedal kommune.

Vasskapasiteten på Drangedal-sida av Gautefall er no så elendig at Nissedal kommune hjelper med å frakte vatn ved å bruke tankbilen til brannvesenet. Førre veke blei det køyrd 40 turar og totalt 400 kubikkmeter vatn til heia, eit arbeid Drangedal må betale Nissedal kommune for. Juva seier ei slik løysing med frakt av vatn er uhaldbar og dyrt.

Juva har saman med rekneskapssjef Jan Arvid Setane og økonomisjef Jarle Bruun Olsen i Nissedal kommune delteke i den interkommunale arbeidsgruppa som tilrår ei kjempeutbygging fordelt på tri trinn over ein femårsperiode. Gruppa har fått hjelp av konsulentfirma med tekniske vurderingar, økonomi og organisering. Så langt har arbeidet kosta 2 millionar kroner. Nissedal kommune har betalt 40 prosent av summen.

Bruun Olsen var tidlegare skeptisk til storinvesteringa, men ser no at prosjektet kan la seg gjennomføre.

– Det er viktig med eit engasjement på Gautefallheia og at utbyggjarane der kjem på banen. Ein kan ikkje ta denne risikoen på vegne av innbyggjarane, seier trioen tilsett i Nissedal kommune.

102 millionar

For raskt å ordne dei viktigaste problema er det forslag om at ein koplar saman anlegga til dei to kommunane med eit nytt vasstårn på grensa. Etter denne fyrstehjelpa kostnadsrekna til 26 millionar kroner, er tanken å starte byggjetrinn 2. Det blir å opparbeide permanent vassforsyning frå Nisser, med overføringsleidningar til Gautefall. Prisen er 50 millionar kroner. Byggjetrinn 3 kjem på 26 millionar kroner, og skal gje nytt avløpsreinseanlegg på Haukerhylmoen.

Eksisterande hyttekundar som vil inn på det nye vass- og avløpsnettet må rekne med ein tilkoplingssum på 10.000 kroner pluss moms. Nye hyttekundar vil truleg få ein dobla sum, i tillegg til anleggsbidrag på rundt 70.000 kroner. Vidare må ein betale ei årleg avgift. Storinvesteringa kan også gje noko høgare avgift for innbyggjarane i Nissedal og Drangedal som er knytt til kommunale anlegg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit samrøystes formannskap i Drangedal tilrår å gå vidare med saka slik arbeidsgruppa ynskjer, og kommunestyret seier sitt i kveld. Torsdag skal formannskapet i Nissedal kome med innstillinga si til kommunestyremøtet 18. mars.

– Sjølv om kommunane gjev klarsignal til å jobbe vidare med saka, blir det enno mogleg å snu framover. Men det blir nok vanskelegare og vanskelegare etter som tida går, seier Bruun Olsen.

Både han, Setane og Juva meiner at blir det sagt ja til byggjetrinn 1, har ein forplikta seg til å gjennomføre alle 3 trinna. Trinn 1 er elles eit akuttiltak som ein eigentleg ikkje har bruk for lenger om dei 2 andre trinna blir satsa på.

Pålegg for alle vassverka

Alle dei fem vassverka i Nissedal kommune er gamle og har vedtak om pålegg frå Mattilsynet som har tilsyn med drikkevatnet. Kai Halvor Juva presiserer overfor VTB at det ikkje er farleg å drikke vatnet frå desse vassverka.

På Felle er planen å byggje nytt vassverk til rundt 4 millionar kroner. Reinseanlegga ved Nissedal, Gautefall og Felle vil bli overbelasta i nær framtid om hyttebygginga held fram i same tempo som før.