«Eg trur ingen klubbar i fylket kan matche Roan 4H»
Fylkesstyreleiar Hanne Vibeto i Telemark 4H er imponert over aktiviteten i Fyresdal.
Sist laurdag møtte mange foreldre og andre for å vere med på haustfesten til Roan 4H på Veum. 28 fyresdølar mellom 10 og 18 år viste fram oppgåvene dei har jobba med i år.
– Dette er ein veldig super og aktiv gjeng, og alle går godt saman. I kullet født i 2004 er det heile ni medlemar, seier Sarke Veum.
Artikkelen held fram under annonsen.
For nokre år sidan hadde Roan 4H 40-årsjubileum, ein klubb som på det meste har hatt 42 medlemer.
Veum og to andre vaksne er klubbrådgjevarar, men Veum har mest med 4H-arane å gjere i ein klubb som skal vere den største i Telemark.
– Eg trur ingen klubbar i fylket kan matche Roan 4H, seier fylkesstyreleiar Hanne Vibeto i Telemark 4H, som hadde tatt turen til festen nord i Fyresdal.
Tort å ta meir ansvar
Mikas Bolstad Skålid (18) har vore med i 4H frå han gjekk i fjerde klasse, og er styreleiar i fyresdalklubben.
– Det har vore ein fin gjeng i styret – ikkje noko trøbbel med dei, seier Skålid, som i år skal ta imot plaketten, høgste utmerkinga ein 4H-ar får.
– Kva har 4H betydd for deg?
– Det er moro å vere med, eg får mykje kunnskap og organisasjonen er veldig fin. Dei siste åra har eg tort å ta meir ansvar på grunn av at eg er i 4H. Eg er glad eg blei med der. Framover vil eg hjelpe til i klubben når eg kan og har fri frå skulen, svarar 18-åringen.
Malin Åmlid (10) er aspirant og inne i sitt fyrste år som 4H-ar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det har vore veldig bra å vere med, alt er moro der og eg har gleda meg til kvar gong det er 4H, seier ungjenta.
Ho har hatt kanin som oppgåve å jobbe med.
– Det har ikkje vore ei vanskeleg oppgåve. Eg har prøva å stelt dei tre kaninane så godt eg kan – dei har hatt det bra, seier Åmlid.
Skal garantert fortsette
Aspirant Sverre Teksle (11) valde teikning som oppgåve då han byrja i 4H i år.
– Det har vore moro og mykje arbeid, men det gjer ikkje noko, seier ungguten.
Han har også utført rosemåling, og det for fyrste gong.
– Det var litt vanskeleg.
– Kjem du til å halde fram i klubben?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg skal garantert fortsette i 4H, for der lærer eg veldig mykje, svarar Teksle.
Einar Sigvart Kvasjord (17) har sju år bak seg i klubben.
– Eg blei med fordi det høyrdest interessant ut. Alle åra har eg hatt det triveleg og lært mykje, seier tenåringen.
I år har han hatt mekking som oppgåve.
– Eg kjøpte ein moped som ikkje sveiv, og derfor fekk eg han billeg. Eg fekk han til å gå, men han skor seg eit par gonger. I båe tilfella byta eg stempel, det var ikkje så veldig vanskeleg, seier Kvasjord, der han står ved mopeden og ein video han har laga av køyringa i år.
Neste år kan han få plaketten.
– Eg må prøve å fullføre slik at eg får den. Og så er det moro å vere med, seier 17-åringen med eit smil.
På årets haustfest var det ikkje bare utstillingane folk kunne få med seg. Den tradisjonelle mannekengoppvisninga frå alle medlemene var på plass igjen, og i tillegg hadde aspirantane eiga underhaldning.