Trenaren var førebudd på festfotball
Trenar for Kviteseid/Høydalsmo, Geir John Kåsa, hadde på seg slips då heimelaget fredag hadde besøk av Rjukan.
– Det er ein fantastisk gjeng som har det moro saman. Eg har vore trenar i snart 25 år, men maken til speleglede og samhald har eg knapt nok opplevd, kyter Kåsa.
I førre kamp blei botnlaget Vold nedsabla med heile 8-0, og det skulle derfor ikkje vere noko i vegen med sjølvtilliten.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har heilt klart trua på at me skal slå Rjukan i kveld. Trua har me alltid, smiler trenaren.
Låg under
Men kampen var ikkje meir enn knappe ti minuttar gamal då bortelaget gjekk opp i leiinga etter sviktande kommunikasjon i forsvaret hjå heimelaget. Fram til skåringa hadde heimelaget hatt ballen mest, men utan å skape dei heilt store sjansane.
– Likevel er eg godt fornøgd med spelet så langt. Det er lenge att av kampen, og eg meiner framleis me kan ta alle tre poeng i kveld, seier Kåsa etter at laget hans ligg under med eitt mål.
– Og me har faktisk spelarar som tek den lange turen frå Oslo og heim for å vere med på kamp. Det minner meg litt om slik det var for mange år sidan. Entusiasmen og innsatsen er på topp. Det er kanskje det aller beste våpenet me har i 7. divisjon, legg Kåsa til.
Så var heimelaget i gang
Heimelaget heldt fram med å spele ball sjølv om dei heilt store sjansane ikkje dukkar opp. Men så, etter at halvtimen har passert, set Kim Roger Løite inn ei velfortent utlikning.
– Det var ikkje noko å seie på at me utlikna. Eg meiner me så langt har vist at me er mykje betre enn Rjukan i kveld, smiler trenaren fornøgd.
Og han har rett i at Kviteseid/Høydalsmo var betre enn laget frå Rjukan. Ti minuttar før pausen sette kaptein Jan Marcus Hjertås inn skåringa som sendte heimelaget opp i 2-1-leiing. Skåringa burde kanskje vore avblåst for offside, men ei fortent leiing var det like fullt. Heimelaget hadde snudd kampen, og laga gjekk til pause på stillinga 2-1.
Kapteinen skåra tre mål
I andre omgang kom både regnet og heimelaget for fullt. Eit ypparleg utført frispark frå kaptein Hjertås sendte heimelaget opp i 3-1-leiing. Og same mann var frampå noko seinare og sette inn heimelagets fjerde og sitt tredje mål for kvelden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit kvarter før slutt fastsette Petter Midtsund Homman sluttresultatet til 5-1.
– Det var ein fortent siger. I kveld spela laget veldig godt saman, og me var flinke til å kome rundt på kantane. Eg tykkjer spelarane som starta kampen og dei som kom innpå var heilt fantastiske i kveld. Heile spelegruppa er ein kjempegjeng, smiler Kåsa.
– Du har på deg slips i kveld – venta du festfotball?
– Det gjorde eg, og då var det passande å stæsje seg opp litt, ler ein fornøgd trenar.
Ein jury kåra tremålsskårar Jan Marcus Hjertås til kampens spelar. Med sigeren klatra Kviteseid/Høydalsmo til tredjeplass på tabellen med 15 poeng på 12 kampar.