Til klasseløpshelga med to hestar
For to år sidan jubla hestetrenar Petter Hvistendahl i Fyresdal for karrirens største triumf: Siger i Norsk travkriterium. Like etter måtte fenomenet Undone avlivast.No er Hvistendahl igjen klar for klasseløpshelga på Bjerke travbane. Denne gongen med to hestar på startstreken: Ubet og Rebella Mystic L. møtes i hoppefinalen for 3-åringar.
– Han er Noregs beste amatørtrenar. Enkelt og greitt.
Hesteegiar Tor Lund i Fyresdal er ikkje i tvil når han skal forklare kvifor Petter Hvistendahl nok ein gong har hest til start i klasseløpshelga på Bjerke. Og denne gongen reiser fyresdølen med to 3-åringar til start i hoppefinalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg prøvar berre å gjera det eg trur eg rett, seier ein nøktern trenar.
Hvistendahl og Lund eig Rebella Mystic L. saman. Trenaren er også ein av ti eigarar i Team Undone – som eig Ubet, halvsystera til Undone. Fenomenet frå Fyresdal var Noregs beste 3-åring for to år sidan. Han starta berre ni gonger, men vann seks av løpa. Det blei toppa med siger i Norsk travkriterium i 2014 og 750 000 kroner i fyrstepremie i løpet han leia frå start til mål. Tre månader seinare var eventyret slutt. På ein treningstur blei han skremt av ei laus ku. Ei sene i foten rauk rett av i møtet med autovernet. Hos veterinæren var det ingen veg utanom å avlive den talentfulle hesten.
– Det var eit uhell. Slikt skjer, seier Hvistendahl.
Dei fleste eigarane blei med vidare og kjøpte den då eitt år gamle Ubet – som også hadde fyresdalhoppa Sugarina Land som mor.
– Ubet er litt som broren, rask frå start, seier Hvistendahl.
– Kvalifiseringsløpet var berre den fjerde starten i karrieren. Ho har utvikla seg stadig. Alt var uvisst i starten, men plutseleg losna det, held han fram.
Stallvenninner
I kvalifiseringa blei Ubet nummer to etter å ha fylgd ryggen til favoritten N.Y. Diamond In The Sky. På plassen bak: Stallvenninna Rebella Mystic L.
– Me tenkte at løpet var køyrt då dei to hestane hamna i det same feltet. Det skal litt til å få to gjennom nålauget, men i mål var dei andre langt bak, seier Hvistendahl.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rebella Mystic L. var sterk frå dødens posisjon (utvendig for leiarhesten).
– Me har hatt forventingar til Rebella heile tida. Ho blei kjøpt som 2-åring etter mønstringsløp på Forus og me såg med ein gong at dette var ein bra hest som var langt framme, seier trenaren og deleigaren.
– Korleis vil du karakterisere dei to tråvarane?
– Rebella er liten og hissig, men gjer alltid sitt beste. Ubet er roleg og meir regulerbar, meiner trenaren bak dei to finalehestane.
Ingen av dei to hoppene har kryssa målstreken fyrst til no i den korte karrieren.
– Det er litt tilfeldig. Rebella har ofte hamna i dødens, faktisk i halvparten av løpa, forklarar trenar Hvistendahl.
Kan kome på trippelen
I hoppefinalen har Ubet fått femtespor, Rebella startar i sjuande spor bak bilen. Vanskelege utgangsposisjonar for hestar som i utgangspunktet ikkje er i favorittsjiktet. Verken Hvistendahl eller Lund vil tippe kven av dei to som er best, men Rebella har mest erfaring med åtte startar.
– Det er to-tre veldig gode hestar i feltet som har tent gode pengar. I finalen må me vera fornøgde med ein god premie. I beste fall kan ein av dei hamne blant dei tre beste, trur Hvistendahl.
Artikkelen held fram under annonsen.
Johan Herbjørn Undem er som regel fast kusk bak hestane til Petter Hvistendahl, men heller ikkje Undem kan køyre to hestar i same løpet. I finalen set han seg bak Ubet, medan Hans Christian Holm kuskar Rebella Mystic L.
Fire av fire
Tor Lund er for fjerde gong med på eigarsida til ein hest. Alle har kvalifisert seg til klassesløpshelga. Han var med då No Mans Land blei nummer to i derbyfinalen (4-åringar) i 2009. Året etter kvalifiserte Yankee Peto – som Petter og Tor åtte – seg til den same finalen. Lund var også blant dei ti som åtte Undone, og no eig han altså halvparten av Rebella Mystic L.
– Eg vil jo berre vera med å eige dei gode hestane, smiler Lund.
– Han er bortskjemt, kommenterer Hvistendahl med eit smil.
Dei er to av kring 40 medlemmer i Fyresdal tråvlag. Kvar torsdag møtest dei på stallen på Molandsmoen til sosialt samvær, kaffi og tipping.
– Det er vel berre fire av medlemmene som er aktive i tråvlaget – om lag slik det er i statskyrkja, ler Hvistendahl.
Ubet og Rebella Mystic L. går i det andre løpet på sundag.
Til finalen etter tre veker
Tre veker etter karrierens fyrste start kvalifiserte Fjone-hesten Irma H.R. seg for Norsk travkriterium.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fyresdal tråvlag er representert med tre hestar i klasseløpshelga på Bjerke travbane. I tillegg til Ubet og Rebella Mystic L i hoppefinalen for 3-åringar skal Irma H.R. måle krefter mot dei 3 år gamle kaldblodshoppene. Eigaren Birger Heimdal innrømmer at han er litt overraska over framgangen.
– Det har vore ein brå start. Det gjekk så bra i sommar at Eirik Høitomt (kusk) meinte at det berre var å få henne til start, seier Heimdal.
14. august blei ekvipasjen Irma H.R. og Høitomt nummer to på Sørlandets travpark. 11 dagar seinare kryssa ho målstreken fyrst på Klosterskogen travbane, og i starten av september blei ho nummer to i sitt kvalifiseringsheat til kriteriet.
– Eg hadde eit lite håp før start. Fire hestar gjekk til finalen, når to av dei ni hestane blei strokne før start, steig håpet, seier Heimdal.
– Kva trur du om finalen?
– Ho må nok tråve ein del raskare, men eg håpar på ein plass midt i feltet, seier Heimdal.
– Irma ser veldig bra ut. Ho er grei og treningsviljug, seier trenaren og eigaren, som tek turen saman med familien til Bjerke sundag morgon.
Irma H.R. går i det fyrste løpet sundag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eksperten om hestane frå Vest-Telemark
VTB har tatt ein prat med Kurt Hella i Trav- og galoppnytt for å vurdere dei tre hestane frå Vest-Telemark. Slik analyserer tråveksperten sjansane:
–Irma H.R. er den hesten av dei totalt 96 i klasseløpsfinalane med færrast startar før finalen (3). Ein utruleg prestasjon i seg sjølv. Ho har vist stigning for kvar start og er ein av tre-fire hestar som kjempar bak to opplagte favorittar i Uggla I Mossen og Møller Jerka.
Rebella Mystic L. innleia lovande, fekk ein liten formdipp, men har funne tilbake toppforma i rett tid. Hadde tredje beste kvalifiseringstid av dei 12 finalistane. Har spurten som sitt fremste våpen og bør ha gode sjansar til å leggje beslag på ein av dei seks premiane.
Ubet har utvikla seg veldig mot finalen og var faktisk nest raskast av dei 12 finalistane. Bak dei tre kvalifiseringsvinnarane som er hestane med best meritter og spor, er lillesystera til fenomenet Undone jokeren i løpet.