Bella, den nye Telemarkhelten
I år er det knytt ekstra stor spenning til den eine deltakaren i Telemarkhelten: Reinsdyret Bella har tatt turen ned frå Hardangervidda og stiller til start på Barnehelten.
Me har fått ein prat med Telemarkheltens nye maskot før rennet fyrstkomande laurdag.
– Kvifor ynskjer du å stille opp på dette, Bella?
– Eg har jo i fleire år hatt sett ned på hordane av skiløparar som lear seg i samla flokk i løypene frå Rauland sentrum, opp via Kroktjønn og Sveigebru – opp Farhovd og ned att mot sentrum via Vierli og Skisenteret. Nokre få hanndyr ser ut til å stikke vekk frå flokken, men dei fleste held seg samla, og då særleg dei som startar frå hotellet og går ned mot sentrum (Familiehelten red.merk.). Det freistar for eit flokkdyr som meg å vera med på dette. Så då dei som merka meg med GPS-sendar lurte på om eg ville stille opp som maskot for Telemarkhelten sa eg sjølvsagt ja. Det er god dugnadsånd i kommunen ved foten av Hardangervidda, og me her oppe vil også bidra.
Artikkelen held fram under annonsen.
Så du stiller opp i sjølve helterennet?
Ja, eller, det vil seie – på sjølve barnehelterennet. For meg er det svært viktig å sikre rekrutteringa, så eg blir nok mest å sjå på barnehelten. Det går nemleg også rykte om at eg kan få sitje på med eit hundespann etter løpet, og for meg som alltid har gått på eigne bein freistar det ekstra å få sitje på med andre firbeinte venner. Dessutan er eg truleg gravid, og då vil eg ikkje konkurrere. Kalvinga er litt fram i tid, men eg er redd forma ikkje tillet slike utskeiingar (det er i alle fall det eg seier til mannen min når han vil at eg skal ta i litt ekstra). Det er langt nok å gå frå Hardangervidda og ned til sentrum av Rauland.
Ja, apropos – me undrar oss over korleis Bella kjem seg til Rauland?
Planen var i utgangspunktet å haike med ein skuter, men då det let vente på seg med skuterløyper må eg berre gå. No er eg vane med det, og likar å halde meg i form, så det skal nok gå bra.
Kva gledar du deg mest til?
Med nye miniski håpar eg å kunne få testa ferdigheitene i langrennscrossløypa. Skal levere dei til prepping i smøretraileren til skilandslaget. Dei fekk den ikkje med seg på flyet til Canada, så på fredag kjem den til Rauland. Arrangøren har lova meg både portar og orgeltramp – og premie til alle. Det kan eg også like. Og så håpar eg å få litt kjakar og slikt frå dei små heltane. Sjølv om me held oss i flokken oppe på vidda og har det fint i lag, saknar eg det å berre ha det moro og kose meg ein heil dag. Det skal eg på Rauland til laurdagen.
Intervjuar: Åse Hylland, Telemarkhelten
Telemarkhelten – Helterennet
– Skirennet i trippelkonkurransen Telemarkhelten blir arrangert i Rauland fyrstkomande laurdag, 12. mars.
– Hovudrennet Helterennet er 42 kilometer langt. Halvhelten er 26 kilometer, Ungdomshelten 13 kilometer, Trimhelten 26 kilometer, Familiehelten 12 kilometer og Barnehelten har ulike lengder og skileikar tilpassa alle aldrar.
– Telemarkhelten er eit samarbeid mellom IL Dyre Vaa i Rauland og Foreningen Tinnløypa, som består av Rjukan IL, Tinn IL, Miland IL og Tinn Snøscooterklubb.