Vadder best i samandraget
Etter sterke prestasjonar gjennom heile sesongen, blei Ingerid Vadder, Morgedal IL, vinnar av Nordea Telemark/Vestfold-cupen. Det blei klart etter helgas tre renn på Gautefall.
Arrangørane på Gautefall sleit med tidtakinga på laurdagens sprintrenn i friteknikk. Dermed blei det ikkje arrangert finalar, og prologtida blei dermed gjeldande. Det gav siger til Ingerid Vadder (J13), Morgedal IL.
Vann gjorde også Adrian A. Pedersen (G13), Morgedal IL. Elles blei Halvor Kleiv, Vinje IL (G13), nummer 10, Morten Hermansen (G13), IL Rein, nummer 18, Erik B. Ringhus (G14), IL Rein, nummer 8, Sigrid Vinjerui (J13), Byrte IL, nummer 5. Guro Ingebjørg Kleiv (J14), Vinje IL, og Gunhild Kvålseth, Morgedal IL, dela 8. plassen. I J16 blei Åsne Margrete Kleiv, Vinje IL, nummer 12, medan Margit Slåtta Flothyl, IL Rein, blei nummer 4 i K18.
Artikkelen held fram under annonsen.
Klassisk renn same dagen
Seinare på dagen blei det arrangert klassisk renn der resultata blei gjeldande for sundagens jaktstart. Resultata frå jaktstarten var ikkje klare då VTB gjekk i trykken.
I det klassiske rennet blei Margit Slåtta Flothyl, IL Rein, nummer 3 i K18. Åsne Margrete Kleiv, Vinje IL, blei nummer 11 i J16. I J14 tok Gunhild Kvålseth, Morgedal IL, 7.-plassen, medan Erik B. Ringhus, IL Rein, blei nummer 9 i G14.
Ingerid Vadder, Morgedal, måtte sjå seg slegen av Nora Doksrød, IL Runar. Vadder var 2 sekundar bak vinnaren.
I klasse J12 blei Sigrid Verpe, Vinje IL, nummer 3. Halvor Kleiv, Vinje IL, blei nummer 8 i G13, medan Morten Hermansen, IL Rein, tok 11.-plassen i same klasse. Sigrid Vinjerui, Byrte IL, blei nummer 5 i J13.
I klassene 11 år og yngre deltok Adrian A. Pedersen, Morgedal IL, Torje Grestad, Morgedal IL. Arrangøren har ifylgje resultatlista, ikkje rangert 11-årsklassene slik det er lov til, og som vanlegvis blir gjort.
Av vesttelane var det berre Ingerid Vadder som gjekk til topps samanlagt i Nordea TV-cupen. Av fem renn er dei tre beste teljande. Vadder har vunne alle utan eitt renn i cupen. Til helga skal ho gå ungdomsbirken.