Vil på pallen i samandraget
Magnus Krog ser på helgas noregsmeisterskap som ei god gjennomkøyring før det verkelege alvoret startar i Kuusamo siste helga i november.
28-åringen frå Høydalsmo saknar vinteren. Men sjølv om snøen og kulda let vente på seg både i Trondheim der han bur og i Oslo der han ladar opp til NM, kjenner han at sesongen er rett rundt hjørnet. Med isspor i Midtstua får kombinertløparane litt kjensla av vinter i tilløpet i NM-bakken. I morgon hoppar han for eit best mogleg utgangspunkt før langrennet på Beitostølen laurdag. For han veit at ein unggut på kombinertlandslaget vil ha eit ord med i laget når NM-medaljane blir delte ut.
– Jarl Riiber har vore eit nivå over oss andre i hoppbakken. Han hoppar knallgodt, seier Magnus Krog om 17-åringen som har nettopp Midtstua som sin heimebane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er veldig greitt med nye impulsar. Det gjer oss alle saman meir skjerpa, forklarar han.
Fekk tilbake lysta i bakken
Krog har nytta dei siste dagane til å teste utstyr, slik at han slepp å tenke på det når verdscupen startar i Kuusamo siste helga i november. Han er usikker på hoppforma, men føler han er på rett veg.
– NM er fyrst og fremst ei viktig og god gjennomkøyring før verdscupen. Klarer eg å klatre opp på pallen vil det gje sjølvtillit før verdscupopninga, seier Krog.
Etter OL i Sotsji i 2014 var han sliten og utlada. Det gjorde at han i samråd med trenarane fjerna seg litt frå hoppfokuset før fjorårssesongen. Sjølv om resultata ikkje var som ynskt i 2014/2015 fekk han gradvis tilbake lysta i bakken. Denne har han behalde gjennom sommaren og i oppkøyringa til årets sesong.
– Eg trur det på lang sikt var lurt å gjera det eg gjorde i fjor. Sjølv om sesongen ikkje blei heilt som eg hadde tenkt, håpar eg å få att for dei prioriteringane eg gjorde. Eg har hoppa jamt og trena godt i sommar og haust, seier Krog.
Kaldt og ufyseleg
Han har unngått sjukdom og er trygg på at han er godt i rute før sesongen.
– Eg er trygg på at langrennsforma er god, seier han.
Det er ikkje nokon meisterskap denne sesongen. Krog likar spenninga knytt til å måtte toppe forma til ein 14-dagarsperiode på vinteren, men ser også fordelar med ein kort og intensiv sesong. Sesongen startar siste helga i november og blir avslutta siste helga i februar. Spesielt avslutninga blir hektisk med seks konkurransar på ti dagar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Målet er å kjempe i toppen. Kjem eg på pallen samanlagt er eg veldig fornøgd. Då er det viktig å kome godt i gang og vera stabil, seier Krog.
Og då passar det godt at sesongopninga som vanleg er i Kuusamo i Finland.
– Det er ein av dei kulaste plassane. Kaldt og ufyseleg. Her må ein berre vera knalltøff og kline til. Det er brutalt både i bakken og i løypene, men eg gler meg, seier Magnus Krog om møtet med arenaen der han tok sin fyrste verdscupsiger for fire år sidan.