Startpistolen var ikkje å finne før start, men arrangementsleiar Olav Nilsen viste råd. Med eit solid smell frå hagla blei 150 juniorar sendt opp Skuggenatten.
Startpistolen var ikkje å finne før start, men arrangementsleiar Olav Nilsen viste råd. Med eit solid smell frå hagla blei 150 juniorar sendt opp Skuggenatten.

Snøkledd NM på Skuggenatten

Med fem centimeter nysnø på toppen av Skuggenatten sto NM i motbakkeløp i fare for å bli avlyst. Men arrangørane tok sjansen, og Heidi Weng sprang inn til gull i noregsmeisterskapen og sin tredje strake siger i Treungen.

Motbakkeløpet Skuggenatten opp har blitt ei årviss hending. Laurdag var det tid for kraftprøva for sjette gong.

I år var løpet for fyrste gong noregsmeisterskap, men arrangørane i Treungen idrettslag var lenge usikre på om det blei løp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjå fleire bilete frå Skuggenatten opp her.

Nysnø

Løypa på Skuggenatten er 4,4 kilometer lang med ei stigning på 456 høgdemeter. Starten er på idrettsplassen i Treungen som ligg på 250 meter over havet, og målområdet ligg på 706 meter over havet på toppen av fjellet.

Tidlegare år har det vore flott vêr på løpsdagen, med til og med opp mot 30 varmegrader eitt år. Men laurdag var det eit heilt anna vårvêr som rådde, fem centimeter nysnø på toppen, dårleg sikt, vind og is på berga. Det gjorde arrangørane nervøse.

Sigerspallen for seniorherrane. Frå venstre Torstein Tengsareid, sølv, Johan Bugge, gull, Tomas Bereket, bronse.
Sigerspallen for seniorherrane. Frå venstre Torstein Tengsareid, sølv, Johan Bugge, gull, Tomas Bereket, bronse.
Skiløparen Heidi Weng var fyrste kvinne på toppen av Skuggenatten i år óg, og kunne feire sin tredje siger på rad.
Skiløparen Heidi Weng var fyrste kvinne på toppen av Skuggenatten i år óg, og kunne feire sin tredje siger på rad.
Christian Børs Lind frå Røa Il var eldstemann i motbakkeløpet, og stilte i klassa menn 75-79. Veteranen fullførte på tida 42.13.
Christian Børs Lind frå Røa Il var eldstemann i motbakkeløpet, og stilte i klassa menn 75-79. Veteranen fullførte på tida 42.13.

– Me var veldig i tvil om me måtte avlyse, og me gjekk fleire rundar med forbundet. Dei som har god trening i motbakkeløp taklar slike forhold godt, men det er verre med dei 10–15 prosentane som ikkje er så øva, så tryggleiken var viktig. Men me gjekk for å gjennomføre løpet, og i ettertid ser me at det var rett, seier arrangementsleiar Olav Nilsen.

Små skrubbsår var det einaste av skader som skjedde.

– Me fekk det verst tenkelege vêret, men i det heile så gjekk det veldig bra. Løparane var utruleg positive, seier Nilsen.

Sprang skoa av seg

Før start var det knytt spenning til ein løpar i herreklassa som kom med på grunn av ekstra innsats frå arrangørane. Via telefon og epost fekk Nilsen melding frå ein kar i Bodø som gjerne ville ned til Treungen for å slå rekorden til Tomas Bereket.

­– Då me sjekka namnet hans på internett fann me ut at det var ein svært god løpar frå Eritrea, så me ordna fly og transport for han hit, seier Nilsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Namnet hans er Tesfayohannes Mesfin, tidligare OL-deltakar frå Eritrea med mange gode plasseringar i internasjonale løp. Han vann mellom anna Oslo halvmaraton i 2012.

Fullt så bra gjekk det ikkje opp Skuggenatten. I bratthenget mista Mesfin ein sko i gjørma og prøva å fortsette utan, men fann fort ut at det ikkje gjekk. Mesfin snudde for å leite etter skoen, med det tok for mykje tid.

Men sjølv om premiereløpet i Treungen ikkje gjekk etter planen, har besøket gjeve nye kontaktar og nye sjansar både for han og arrangørane, fortel Nilsen.

­ – Han kjem att neste år, og då kan det hende det kjem fleire gode løparar frå Kenya.

Weng og Bugge vann NM

380 deltakarar starta i konkurranseklassa, medan 150 var med i trimklassa.

I år var det knytt spenning til om Tomas Bereket kunne ta sin fjerde strake siger i herreklassa, men denne gongen måtte han sjå seg slått. Johan Bugge frå Eidvåg IL vann herreklassa med 24 minuttar og 11 sekund, og han blei dermed noregsmeister. På andreplass kom Torstein Tengsareid frå Egersunds IK med 24.50, medan Bereket måtte nøye seg med ein tredjeplass med tida 26.17.

Førehandsfavoritten og skiløparen Heidi Weng frå BUL IL kunne derimot feire sin tredje strake siger då ho sprang fyrst i mål på 28 minuttar og 53 sekund. På andreplass kom Eli Anne Dvergsdal frå Gular IL med 29.56, medan Merete Weng frå BUL IL kom på tredjeplass med 31 minuttar blank.

I juniorklassene stilte heile 150 deltakarar. Her var det Hanne Mjøen Maridal frå Vollan IK som vann kvinneklassa med tida 30.53. Stian Øvergård Aarvik frå Gneist imponerte med ei vinnartid på 25.04, og han er no kvalifisert til EM i juni.

Artikkelen held fram under annonsen.

Johans Grimstvedt blei Nissedalsmeister i Skuggenatten opp då han sprang inn på ein sterk 45. plass med 30.18. Marianne Hermansen frå IL Rein kom inn på ein 30. plass med 38.23.

Sjå fleire bilete frå Skuggenatten opp her.