Ekstremsykling langs kanalen
Med nedbør som tidvis tippa over til sludd blei kanalrittet ei solid styrkeprøve laurdag.
Ein iskald og klissvåt syklist står ved Krossli matstasjon og får seg påfyll. Etter halvanna time på sykkelsetet frå Dalen gjer det godt med ei pause.
– Eg har tenkt på å vera med på kanalrittet i mange år, og i år meldte eg meg endeleg på, seier Petter Haugen frå Bærum.
Artikkelen held fram under annonsen.
Turen hadde så langt vore både våt og kald, og han var usikker på om formen heldt inn til mål. Men sjølv om Haugen var både kald og litt sliten, var humøret framleis på topp.
– Dette er heilt fantastisk, i alle fall når ein ser bort frå vêret. Får eg på meg tørre hanskar no, så går det bra, smilte han.
Austeheii grendelag hadde stått klare i Krossli sidan ni om morgonen med mat og drikke, og mykje godt humør. Det trengs når ein er utandørs i regn med ein gradestokk som kryp nedover mest mot null. Og servicen var upåklageleg.
– I år har me eit nytt tilbod, pussing av briller, ler gjengen.
Tøff tur
Telemarkskanalrittet blei arrangert for 14. gong laurdag, og nysnøen på fjella rundt gav bod om ein kald tur på ti mil for dei tøffaste.
Dei ivrigaste amatørane starta alt klokka 9.00 frå Dalen, medan pulje to starta timen etter. Det blei ein hard tur frå Dalen til Bandaksli og opp kleivane til Krossli.
Arrangørane var etter forholda fornøgde med årets ritt, men den store demparen var vêret. Vel 150 førehandspåmelde stilte ikkje til start, og undervegs var det over 50 som måtte bryte.
– Etter forholda må me seie oss fornøgde, og det var ingen alvorlege skader undervegs. Det var ein del som braut og som truleg ringte kjentfolk for å bli henta i staden for å melde frå til stasjonen. Det gjorde at me måtte drive med ein del ettersøk. Men me har ikkje fått beskjed om at nokon er sakna, så alle er vel i hamn, seier Nils Per Hovland frå kanalrittet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Løyperekord
Men sjølv med dårleg vêr var stemninga god, og det var ei dame som særskild imponerte i år. Turid Hagelia Korshavn frå Grimstad trassa uvêret og sette ny løyperekord for kvinner med 6 minuttar med tida tida 03.14.39.
– Det var bare fire karar før henne i mål, så det var imponerande, seier Arne Arnesen frå kanalrittet.
Dermed kunne Korshavn feire sigeren med tittelen «Kanalrytter 2015» saman med vinnaren i herreklassa, Øystein Askjem frå Andebu, som sykla inn til 03.09.05.
Telemark kanalritt
Kanalrittet går langs Telemarkkanalen med start på Dalen (100 km), eller i Kviteseid (55 km) med målgang på Lunde idrettspark. I Lunde er det også ei trimløype på 24 kilometer. Løpet er både for mosjonistar og profesjonelle syklistar.