Anja Elise Lid frå Høydalsmo gjekk til topps i Singapore Night Trail. Her er ho og sambuaren Johan Nordby (i midten) saman med John Henry Strupstad. Dei blei høvesvis nummer fem og to i herreklassa.
Anja Elise Lid frå Høydalsmo gjekk til topps i Singapore Night Trail. Her er ho og sambuaren Johan Nordby (i midten) saman med John Henry Strupstad. Dei blei høvesvis nummer fem og to i herreklassa.

Vann jungelløp i Singapore

Anja Elise Lid, opphavleg frå Høydalsmo, blei best av 394 deltakarar i Singapore Night Trail som gjekk av stabelen tidleg i mai. Løpet er eit terrengløp med ulike distansar. Lid sprang 12 kilometer på tida 58,12, og ho var nesten eit minutt framfor nummer to. Løpet gjekk i jungelen.

Lid (30) har budd i Singapore sidan august i fjor, og ho har nytta tida til å studere kinesisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ho og sambuaren skal vere der nede fram til august i år. Anja Elise har trena bra både på rulleski og på føtene, så ho er rimeleg godt trena, seier pappa Ottar Olav Lid til VTB.