Tre ekte veteranar
Veteranbåten Fram er 106 år gamal. Matros ombord er Olav Tveitane (80), medan kaptein Egil Jensen (78) skiftesvis styrer båten og steikjer vaflar.
Presis klokka elleve triv matros Olav Tveitane båtshaken og hektar av trossa. Veteranbåten Fram er klar for langtur. Vanlegvis gjer han seg ein ettermiddagssveiv eit par timars tid opp slusene, men nokre dagar i løpet av sommaren tek han heile turen ned til Tveitsund.
I dag ligg Nisser blank og stille. Egil Jensen, som er ein av fleire som fører fartøyet, er inne i sin sekstande sesong som kaptein på innlandsbåten. Jensen, som opphavleg kjem frå Andenes i Nordland, er skikkeleg sjømann med mange år bak seg i utanriksfart. Han gjekk på land på slutten av 1980-talet og busette seg i Treungen. No går han i sitt syttiniande år, men står framleis til rors.
Artikkelen held fram under annonsen.
Innom bryggjer
På turen utover er veteranbåten innom to bryggjer. Fyrst Vik camping i Nordbygda i Nissedal, der fleire passasjerar kjem på. Deretter legg han til ved Nygaards brygge på Fjone, der det også ventar folk som vil fara vassvegen til Treungen. Når turen er unnagjort har dei reisande frå Vrådal altså vore inntil fire bryggjer. I stordomstida til passasjertrafikken på vassdraget var det i alt 24 bryggjer ved Nisser og Vråvatn, fortel Olav Tveitane, som mønstra på som 16-åring, og hadde arbeidsplassen sin der fram til 1968.
– Båtane var ikkje innom alle stader. Viss folk skulle med, stod dei på bryggja og veiva med eit kvitt flagg, fortel han.
I hardt vêr
Når båten returnerer frå Tveitbryggja i Tveitsund bles det betraktleg meir enn det gjorde på nedtur. Men ikkje like mykje som ein haustdag i 1963. Då var nordavinden skikkeleg hard.
– Slepet kom frå Vråliosen, der me starta i 12-tida på dagen. Så gjekk halvtanna døgn, til me nærma oss Treungen utpå natta. Då rauk den eine bommen, og alt tømmeret – fem tusen kubikk – losna og dreiv inn i Sagbuka, der den gamle Nissen låg. Eg minnest bussjåfør Eilev Tveit gjekk ned på Tveitsund-bryggja for å sjå på elendet, og kommenterte slik: «Det er det verste eg har sett av laust tømmer.»
Fløytarane bruka i alt fire dagar på å samle saman tømmeret og få det ned på åi.
Lange arbeidsøkter
Økta i dag er lang for matrosen. Etter ruteplanen skal Fram leggje til att ved Straand bryggje klokka ni om kvelden. Då har arbeidsdagen vart i ti timar. Men det er ingenting mot arbeidsøktene som tømmerfløytar. I gjennomsnitt bruka slepa frå Vråliosen til Tveitsund kring tretti timar.
– Då var det ikkje slik kaffi som no, smiler Tveitane, og ser ned i plastkoppen med traktekaffe som han drikk inntil brødskive-nista si.
– Fløytarkaffien var så sterk at me såg ringane i koppen. Det var lange økter, veit du. Maten var helst steikt flesk eller salt kjøtsuppe. Særleg ved lange slep, som til dømes frå Krintolsundet til Tveitsund, hadde me tid til å koke suppe ombord, mimrar Tveitane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Nei, no må vel kapteinen også få seg litt mat, avbryt matrosen, reiser seg, går opp på brua og tek over roret. Han manøvrerer trygt i farvatnet der knapt nokon er så lommekjent som han.
D/S Fram
* Bygt ved Fredrikstad Mek. verksted og sjøsett på Nisser i Vrådal i 1909.
* Ombygd av veneforeininga Magnus til passasjerbåt for 90 personar i 1986–1987.
* Quality Straand Hotel i Vrådal har ansvar for drift og vedlikehald.
(Kjelde: Framposten 29. årgang 2015)
På ferietur
Då Fram legg inntil Vik bryggje i Nissedal på returen står mellom andre eit stilig par klare til å gå ombord. Opp landgangen stig ekteparet Eldbjørg Kopsland Bø og Ivar Bø i finstasen.
– Sjølvsagt byttar ein om når ein skal på Fram. Då blir det med ein gong ei litt anna stemning, slår dei smilande fast.
Eldbjørg Kopsland Bø er opphavleg frå Nissedal, men bur i Gausdal no. Paret er gardbrukarar, og har berre ei einaste veke ferie i året. Den veka nyttar dei i Nissedal.