Vil hjelpe med trening etter kreft
For dei som har vore gjennom ein kreftsjukdom kan det vera ei utfordring å koma i gang med trening. No finst det eit nytt tilbod for kreftoverlevarane i Vest-Telemark.
Det er viktig for denne gruppa med trening. Kreftoverlevarar skal ha livet framfor seg. Då er det viktig å gjera framtida best mogeleg. Det gjeld å ta tilbake det normale livet.
Seljordingen Mette Mo har over 20 års erfaring som fysioterapeut og arbeider som fagansvarleg for instruktørane på Sterke-Nils-senteret. I tillegg er ho nyutdanna som Aktiv instruktør, ei utdanning som fokuserar på å hjelpe kreftoverlevarar med trening.
Artikkelen held fram under annonsen.
Utdanninga fekk ho nyss om på ein idrettskonferanse i Oslo i fjor haust. Med si tidlegare erfaring frå Radiumhospitalet i Oslo bestemde ho seg for å setja seg på skulebenken att.
– Eg skjønna med ein gong at dette var utdanninga for meg, smiler ho.
Utdanninga er eit samarbeid mellom Noregs idrettshøgskule og Oslo universitetssjukehus. Organisasjonen Aktiv mot kreft har vore pådrivar for å få i gang studiet. Målet for utdanninga er å auke kunnskapen om trening for pasientar etter kreftbehandling og kreftoverlevarar blant personlege trenarar og fysioterapeutar.
Inn frå normalsida
Studiet starta opp i 2013 og Mo kunne saman med 30 andre gå ut frå eksamenslokala som dei fyrste Aktiv instruktørane i landet. Mo er førebels den einaste i Vest-Telemark.
Ein treng ikkje tilvisning frå lege for å få tilbodet. Det får ein som medlem på treningssenteret. Det meiner Mo er eit viktig poeng.
– Mange kreftoverlevarar er leie av å vera pasientar. På denne måten kan ein koma inn frå «normalsida» og samstundes få rettleiing gjennom ein som veit kva dei har gått gjennom, seier Mo.
Difor blir utrykket overlevar bruka i staden for pasient.
Trene for framtida
Tida etter ein sjukdomsperiode kan vera utfordrande. Mange opplever at ein blir fort trøytt, manglar krefter, ein kan ha mista muskelmasse, ha pusteproblem, vanskar med hevelsar i kroppen og andre etterdønningar frå kreftbehandlinga. Det kan vera ein ekstra terskel å koma seg i aktivitet når ein ikkje veit kva ein toler eller ikkje, meiner Mo. Den terskelen ynskjer ho å få bort.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er viktig for denne gruppa med trening. Kreftoverlevarar skal ha livet framfor seg. Då er det viktig å gjera framtida best mogeleg. Det gjeld å ta tilbake det normale livet, seier Mo.
Aktiv mot kreft
Organisasjonen blei stifta av løpardronninga Grete Waitz og Helle Aanesen i 2007. Visjonen er å få fysisk aktivitet som ein del av kreftbehandlinga. Stiftinga får inn midlar ved hjelp av fysiske aktivitetar for friske, og desse pengane blir bruka til fysisk aktivitet for kreftsjuke. Eit av tiltaka er pusteromma, eit lågterskel tilbod for trening og fysisk aktivitet på sjukehusa i Noreg. I dag finst det 13 slike pusterom i Noreg, mellom anna i Skien.