Forklara seg om utgiftene til rådmannstilsetting
Ordførar i Seljord, Halfdan Haugan (Ap), forklara pengebruk knytt til tilsetjing av ny rådmann i Seljord. – Me løyvde inntil 150 000, men bruka 152 077 kroner, uttala han.
– 25. august stod det eit oppslag i Vest-Telemark blad som etter mitt syn var litt misvisande angåande rådmannstilsetjinga i Seljord, uttala ordførar Halfdan Haugan (Ap) til kommunestyret torsdag.
Han la til at kommunestyret hadde vedteke å bruke inntil 150 000 kroner til rekrutteringsarbeid.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det blei hyra inn hjelp og det opphavlege prosjektet kosta 110 838 kroner. Me landa på ein kandidat, men vedkomande trakk seg og me måtte starte prosessen på nytt. Administrasjonsutvalet valte at byrået skulle søkje på nytt. Eg, og eg trur flesteparten òg var klar over at dette ville kome som ein tilleggspost. Summen som me betala byrået totalt er på 152 077 kroner – me bomma altså med to tusen kroner – det er meirkostnaden, forklara ordføraren.
Dyrt å få ny rådmann i Seljord
Vil evaluere
Ordføraren viste vidare til at VTB hadde framstilt ein del andre summar i artikkelen også.
– Det er slik at me har godtgjersle-reglement i kommunen, som og omfattar tapt arbeidsforteneste. Og administrasjonsutvalet som er det organet som intervjuar og kjem med tilråding til kommunestyret hadde møte. Summen kom på 36 184 kroner. Vidare fekk kandidatar som var inne til intervju dekt reisegodtgjersle. Denne summen var 29 170 kroner, forklara Haugan.
Han la også til at ekstramøtet til kommunestyret kosta 18 000 kroner, og det blei annonsert for 78 400.
– Summen totalt er 313 921 kroner. Ein kan spørje seg, burde kommunestyret tatt inn over seg heile prosessen då me sette av pengar? Det kan me jo lære av i ettertid, uttala ordføraren.
Han ynskte å kome tilbake til dei 150 000 som kommunestyret løyvde.
– Eg føler at me er innanfor på det, sa Haugan.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men når det gjeld sjølve tilsettinga med intervju, byrå og alle slike ting, så er det alltid greitt å ha ei evaluering i ettertid. I neste administrasjonsutvalsmøte i november skal me ta ein evaluering av heile prosessen, lova ordføraren.
– For min eigen del opplevde eg det som ein krevjande prosess. Noko gjorde me veldig bra, men noko kunne me sikkert gjort betre, innrømte han.
– Ei veldig nyttig avklaring
Ordføraren opna for kommentarar frå kommunestyret etter orienteringa og to av kommunestyremedlemmene ynskte å seie noko.
Fyrst ut var Edvard Mæland (H).
– Eg synest det var ei veldig nyttig avklaring, for me fekk nok eit inntrykk ut frå det me las i avisa at prosessen med ekstern hjelp hadde kosta meir enn det kommunestyret hadde budsjettert med. Eg trur alle er klar over at andre kostnadar som godgjering til administrasjonsutval og ekstra kommunestyremøte ikkje ville ligge i denne posten. For posten skulle koste den eksterne hjelpa. Ut frå dei opplysningane me nå fekk av ordføraren er overskridingane to tusen kroner og det bør absolutt vere innanfor slingringsmonet ein bør akseptere, uttala Mæland.
Lars Bjaadal (Sp) meinte at ordføraren ga ei grei orientering om kostnadane, men innrømte at han hadde trudd at 150 000 kroner var den reelle kostnaden på rekruttering av ny rådmann.
– Kanskje dette gjer oss lærdom når ein skal bruke ekstern hjelp. Eg ser fram til evalueringa som administrasjonsutvalet skal ha. Er det sikkert at alle desse som kjem med tilbod om å hjelpe oss er det rette når me skal tilsetje gode folk, det er det mest vanlege rundt om, men det er ikkje sikkert at det alltid er det beste. Kanskje me hadde kome like langt om me hadde vore litt meir kritiske til kor mykje ein skal søkje konsulenthjelp og anna, me har andre saker og der ein går rett ut og søkjer hjelp i staden for å stole på eigne vurderingar, uttala Bjaadal.
Ber om ny vurdering
I eit brev til ordføraren i Seljord bed gruppeleiarane Trond Johnsen (Ap), Jon Svartdal (H) og Henry Mæland (Sp) om ny vurdering av løn/godtgjering for andre stillingar og verv knytt til rådmannens løn. Som VTB skreiv i august får den nye rådmannen Finn-Arild Bystrøm 860 000 kroner i løn. Det er 67 000 kroner meir enn tidlegare og konstituert rådmann.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I samband med tilsetting av ny rådmann er det gjort ei monaleg høgding av lønsnivået. Me forstår at dette var nødvendig for å sikre rekruttering av ønska kompetanse. Samstundes er det ein del anna godtgjering/løn som er knytt til rådmannens løn. Me meiner det no i samband med oppjustering av løn for ny rådmann må gjerast ei ny vurdering om det framleis skal vera same tilknytting for anna løn/godtgjering knytt til denne, skriv gruppeleiarane i brevet.
Dei bed om avklaring før oppjusteringa av rådmannsløna trer i kraft når den nye rådmannen byrjar 1. desember.
Konstituert rådmann i Seljord, Kari Gro Espeland, opplyser til VTB at det bare er ordføraren og varaordføraren som formelt er knytt til rådmannen si løn. Det har tradisjonelt vore slik at resultatet av lønsforhandlingar for rådmannen også har synt seg att i lønsforhandlingane til kommunalsjefar og økonomisjef, men dette har vore ein opparbeidd praksis og ikkje ei avtalefesta ordning.