4-3 i planutvalet
Margit og Vidar Engebretsen i Kivledalen (eigarar av gnr 53, bnr 1) i Seljord har av fleirtalet i planog miljøutvalet i Seljord fått godkjent søknaden om å dele frå ei tomt på om lag 2 mål og overføre eit areal på om lag 4 mål til ei tidlegare utskild tomt (53/18) med bustadhus til dei to sønene.
Rådmannen meinte det å dele frå ei tomt som er så tett på tunet på garden er uheldig. Han rådde politikarane til ikkje å gje løyve til å dele frå dei 2 måla rundt det eksisterande bustadhuset fordi «dette vil kunne skape framtidige driftsmessige og miljømessige ulemper for landbruksdrifta på 53/1». Men rådmannen meinte det var mindre problematisk med frådeling av 4 mål produktiv skog frå 53/1 til 53/18.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politikarane godkjente begge sakene.
Utvalsleiar Edvard Mæland (H) fremja forslaget om å godkjenne frådelinga av arealet på 2 mål og fekk fleirtal 4-3 for framlegget sitt.
– Fleirtalet såg ikkje noko problem, men hadde tvert om forståing for at det var eit ynske om å ha tomta huset står på, forklarar Mæland.
Det er eit vilkår for godkjenninga at den nye parsellen får tinglyst tilkomstrett over hovudbruket og at ein knyter seg til veglaget for Kivledalsvegen.