Politimann blir storbonde
Nissedølen Thomas Rekvik og kona Sigrun vil kjøpe den store garden til mjølkebonde Halvor Skjulestad på Sitje søndre i Fyresdal.
Det har vore kjent ei tid at Halvor Skjulestad og sambuaren Mona Wilberg Jacobsen av helseårsaker ynskjer å selje den over 7000 dekar store Sitje søndre like aust for Fyresdal sentrum.
Nå søkjer Thomas Rekvik og Sigrun Rørdal Rekvik Fyresdal kommune om løyve til å overta garden til ein pris av 6 295 000 kroner. I tillegg kjem kjøp av mjølkekvoten. Ekteparet bur i dag på eit småbruk i Lyngdal saman med sine tre barn. Thomas er politimann og Sigrun er førskulelærar, og dei driv elles med sau som hobby.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det har alltid vore ein draum å drive ein gard, og politireforma og ting rundt det gjorde at eg byrja å tenke alternativ jobb, seier Thomas.
Han meiner reforma har utarma det ein tradisjonelt tenker på med politiarbeid.
– Det blir effektivisering og økonomi som ikkje er lett foreineleg i utkantsstrøk til å gjere dei tinga ein skal, seier Thomas, som vil slutte i politiet.
Veldriven gard
Han såg på nettet at den største storfegarden i Fyresdal var til sals, og familien reiste på visning. Det enda i kjøp og eit val om å flytte til bygda.
– Det er rart med det, har ein telemarking i seg ein gong, er det for alltid. Det er det med å kome heim att, det blir nydeleg, seier Thomas, som er født og oppvaksen i Treungen, ikkje langt unna Fyresdal.
– Og snart blir du storbonde.
– Det trur eg blir veldig bra, seier Thomas, som skal overta mange dyr og ein del utstyr på Sitje.
– Me overtek 1. februar, og i januar blir eg med Skjulestad i arbeidet på garden. Det er veldig positivt at han vil vere rettleiar. Han har drive garden ufatteleg bra, og me kjenner på ei takksemd over å få denne moglegheita. Det at garden er veldriven gjev også ein stor motivasjon for å drive garden vidare og vidareutvikle den, seier Thomas.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har alt fått eit veldig positivt inntrykk av Fyresdal, og ser veldig fram til å kome i gang der. Eg likar meg på små plassar, fortset han.
Noko anna han også gler seg til er dette:
– Eg er glad i å jakte, og då er det eit stort pluss for meg å kome oppover til Fyresdal.
– Verkar veldig oppegåande
Halvor Skjulestad seier det var god kjemi heilt frå fyrste gongen Thomas Rekvik kom på besøk til garden.
– Thomas verkar veldig oppegåande, og familien er veldig hyggeleg. Med den innstillinga dei har trur eg det går skikkeleg bra å overta, og så får Fyresdal inn ein ressurs, seier Skjulestad om familien som vil kjøpe garden. Skjulestad og sambuaren skal leige hus i bygda.
Skjulestad overtok garden i 1980, på ei tid besteforeldra dreiv med tre kyr, tre kalvar, ei kvige og ein hest. Då VTB intervjua han i september i fjorvar det 85 storfe pluss 27 nyfødde kalvar på garden. Like mange kalvar var venta innan utgangen av året. I tillegg var det sju hestar, tre av dei avlshopper.
På den tida i fjor hadde garden 298 tonn mjølkekvote, 12 000 kubikkmeter hogstklar skog, traktor og fire bustadtomter som skulle fylgje med salet av garden som var annonsert.
Fire år tidlegare kom det eit val om å selje den odelsfrie garden. Legen hadde sagt til Halvor at det ikkje var bra for helsa hans å fortsetje slik han gjorde.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg må vere ærleg – eg har ikkje lyst til å slutte. Men når kroppen ikkje vil vere med lenger, må ein finne på noko anna, sa Skjulestad til VTB i fjor.
Bonden på Sitje søndre har fått både 5-, 10- og 20-årsplakett for godt dyrestell og levering av kvalitetsmjølk. Kvalitetsmerket sølvtina heng høgt, men då må ein ha 15 år på rad utan ein einaste merknad på mjølkeleveransen. Det vil seie at frå garden til Skjulestad må over 2 300 prøver etter kvarandre vere feilfri mjølk.
På nyåret var fyresdalbonden blant dei 93 i landet som oppfylte krava til Tines høgste utmerking for topp mjølkekvalitet, sølvtina. I april fekk han overrekt heidersmerket på ei høgtidleg markering i Lillestrøm før årsmøtet i Tine.