Systrene Brith Wenche og Liv Karin Aarstad (f.v) har jobba side om side dei siste 30 åra. – Me har ikkje krangla ein einaste dag, seier Liv Karin.
Systrene Brith Wenche og Liv Karin Aarstad (f.v) har jobba side om side dei siste 30 åra. – Me har ikkje krangla ein einaste dag, seier Liv Karin.

«Eg fylte den gamle kaffistova med blomar»

Då Brith Wenche Aarstad (63) var lita, drøymde ho om eit kvitt, gamalt hus på Dalen – med ein stor hage fylt med blomar, og frukttre.

På Åmdals Verk mellom furu, gran og rognebær sit den vesle jenta og drøymer. Ho drøymer om blomar. I fine fargar og vakre formar. Blomar som duftar godt. Sjølv er ho vand med lukta av fjell og skog, men drøymer om å få vera éin av dei – dei vakre gamle fruene på Dalen. Dei som går i fine kjolar, har eit gamalt kvitt hus, og store frodige hagar som bognar av vakre blomar, og frukttre.

Brith Wenche Aarstad (63) bur i eit gamalt kvitt hus på Dalen, med ein frodig hage som bognar av blomar. Ho og sambuaren, Gunnar Blomhaug, har renovert eit av dei gamle husa den vesle jenta drøymde om.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hugsar godt tida då eg sat på Verket og drøymde. Det var eit anna klima der oppe enn nede i dalen. På vakre sommardagar kunne det vere kjøleg på Verket, men når me kom ned til Dalen var det eit anna klima, og mykje flotte blomar. Hos oss var det for kaldt for fleire av blomane og dei klarte seg ikkje så bra. Eg drøymde meg bort på Dalen, fortel ho.

Ein felles draum

Året er 1981, og Brith Wenche har dei siste åra arbeidd på eit rekneskapskontor på Dalen. No er tida inne for å gjera noko anna. I nabobygget til kontoret hennar ligg ein blomsterbutikk, i bygget der «Spitet garn & kaffebar» er i dag. Ho er ofte innom blomsterbutikken, og veit at eigaren, Thorild Heimholt, er på jakt etter nokon som kan ta over verksemda.

– Eg plar som regelstå slik, med rumpa i vêret, seierBrith Wenche og ler.
– Eg plar som regelstå slik, med rumpa i vêret, seierBrith Wenche og ler.
Slik såg det ut på 1960-talet då det var kaffistove i det gamle huset som i dag er blomsterbutikk.
Slik såg det ut på 1960-talet då det var kaffistove i det gamle huset som i dag er blomsterbutikk.
Brith Wenche og sambuaren Gunnar Blomhaug kjøpte den gamle kaffistova i 1990. Gunnar restaurerte bygget, som fekk verneprisen i 1992 av Tokke kommune.
Brith Wenche og sambuaren Gunnar Blomhaug kjøpte den gamle kaffistova i 1990. Gunnar restaurerte bygget, som fekk verneprisen i 1992 av Tokke kommune.
Om sommaren er det ikkje vanskeleg å finne Brith Wenche. Då er ho anten blant blomar på jobb eller mellom blomar i hagen heime. – Blomar har alltid vore ein stor del av meg.
Om sommaren er det ikkje vanskeleg å finne Brith Wenche. Då er ho anten blant blomar på jobb eller mellom blomar i hagen heime. – Blomar har alltid vore ein stor del av meg.
«Sidan eg stort sett står med rumpa i vêret, er det vel mange som har bilete av den også.»
«Sidan eg stort sett står med rumpa i vêret, er det vel mange som har bilete av den også.»
«Sidan eg stort sett står med rumpa i vêret, er det vel mange som har bilete av den også.»
«Sidan eg stort sett står med rumpa i vêret, er det vel mange som har bilete av den også.»
Då Tone Blomhaug Stimson skulle gifte seg fekk mamma Brith Wenche lage brudebuketten, og blomsterkransa hennar. Til dagleg jobbar dei i lag på Blomsterbua.
Då Tone Blomhaug Stimson skulle gifte seg fekk mamma Brith Wenche lage brudebuketten, og blomsterkransa hennar. Til dagleg jobbar dei i lag på Blomsterbua.

– Eg har alltid elska blomar, men eg hadde ikkje noko utdanning eller erfaring frå slikt arbeid. På same tida skulle barndomsvenninna mi Marianne Karlsen flytte heim att, og var på leit etter arbeid. Me fekk ein felles draum om å ta over butikken, så då gjorde me det, seier Brith Wenche og held fram:

– Heller ikkje ho hadde erfaring frå arbeid med blomar, men me gjekk på kurs og fekk veldig god opplæring av Torhild.

Den gamle kaffistova

Dei to venninnene opna blomsterbutikken 1. april 1981. Dei stortrivst med arbeidet, og nye og gamle kundar kom stadig innom. Etter fem år flytta Marianne til Skien, men Brith Wenche ynskte å fortsetje med blomar.

– Eg hadde fått draumejobben, og lika meg veldig godt i arbeid med blomar. Det var dette eg ville halde fram med, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 1990 kjøpte Brith Wenche og sambuaren den gamle kaffistova. Huset som ligg midt på torget på Dalen, var i så dårleg stand at det måtte anten rivast eller restaurerast.

– Gunnar likar å restaurere gamle bygg, så me kjøpte det gamle huset og han pussa det opp. I andre etasje laga han to leilegheiter, og i fyrste etasje blei det blomsterbutikk, seier Brith Wenche.

– Det er mykje historie i bygget. Eg har blitt fortalt at det blei bygd i 1896. I den tida var det mange britiske turistar på Dalen hotell, og fleire var her for å fiske. Det blei laga butikk for å selje fiskeutstyr. På 1960-talet opna kaffistova. Den var der i fleire år, og etter at den blei lagt ned blei huset ståande tomt, og forfall, fortel Brith Wenche.

Jobb og hobby:Om sommaren er det ikkje vanskeleg å finne Brith Wenche. Då er ho anten blant blomar på jobb eller mellom blomar i hagen heime. – Blomar har alltid vore ein stor del av meg.

Sola står høgt på himmelen. Den blå himmelen er utan skyer, og det og varmt og godt i lufta. Det er ein fin, og herleg sommardag på Dalen. På torget er det fleire menneske som har tatt turen ut for å nyte solstrålene. Det bognar av blomar i ulike fargar og formar utanfor Blomsterbua. Lukta av blomar og sommar kjem sigande.

«Etter 36 år i blomsterbutikk er eg veldig lei jolestjerna»

«Sidan eg stort sett står med rumpa i vêret, er det vel mange som har bilete av den også.»

– Eg får utruleg mange hyggelege tilbakemeldingar frå turistar som besøker Dalen. Dei seier at blomsterbua er unik, og det er ofte at turistane tar bileter av torget og blomsterbua. Det er veldig triveleg, men sidan eg stort sett står med rumpa i vêret, så er det vel mange som har bilete av den også, ler Brith Wenche.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva er det som gjer at du likar blomar så godt?

– Eg likar at dei duftar. Eg likar å kombinere fleire blomar, gjerne med ulike fargar. Me som jobbar på blomsterbua lagar mykje forskjellig, tilpassa høvet det skal brukast i. Eg fekk lage brudebuketten til dottera mi, og det var veldig spesielt. Eit godt minne. Ho valte ut fargar og så fekk eg frie tyglar til resten. Det var stort for meg, fortel Brith Wenche.

– Blir du lei blomar?

– Eg har alltid elska blomar, og det er ein stor hobby utanom jobb. Om vinteren hender det eg blir litt lei. Då har eg ikkje så mykje anna enn grøne planter og orkidear heime, men om sommaren går eg stort sett rett frå jobb, og ut i hagen. Eg har alltid lika å pulse ute, og har alltid hatt kjøkkenhage. Der likar eg å dyrke ulike og nye ting. I fleire år har eg hatt druer, aprikosar, mykje frukt, bær, og ulike grønsaker. Det er eit veldig godt klima på Dalen.

Familiebedrift

I det gamle sveitsarhuset på Dalen møter ein fleire hyggelege fjes. Brith Wenche vonar blomsterbua blir verande for alltid. Ho drøymer om at dottera Tone Blomhaug Stimson skal ta over etter kvart, men har ingen planar om å gje seg enno.

– Både Tone og systera mi Liv Karin Aarstad jobbar i lag med meg. Liv Karin og eg har arbeidd i lag dei siste 30 åra, og det har vore veldig fint.

– Ja, me har ikkje krangla ein einaste dag. Brith Wenche er ein god sjef, skyt Liv Karin inn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har alltid vore mykje i lag, og er gode vener. Det er nok difor me jobbar så greitt i lag, seier Brith Wenche.

– Tone har tatt fleire kurs og trivst godt med blomar. Ho har vel fått det litt gjennom meg og tanta, men ho likar seg her i butikken. Eg trur ho ser føre seg å ta over, men det er ingenting som er avgjort enno. Ho må velje sjølv, men om ho tek over blomsterbua er det vel ein fare for at eg aldri kjem til å bli pensjonist. Dei må nok bere meg ut herfrå, ler Brith Wenche.

– Har du ein favorittblom?

– Åh, no spør du vanskeleg.

Ho tenkjer seg godt om. Etter ein augeblikk lyser ho opp og svarar:

– Eg har fire favorittar. Ein for kvar årstid. Om våren likar eg stemorsblom, og om sommaren likar eg roser. På hausten er eg glad i lyng, og om vinteren likar eg best svibel. Dei duftar fantastisk, seier ho.

– Etter 36 år i blomsterbutikk er eg veldig lei jolestjerna, seier blomsterdama Brith Wenche Aarstad, og smiler.